Gå til innhold

Månefase og sånt...


Baronessen;-)

Anbefalte innlegg

Var på butikken ein tur igår, og møtte nabokjerringa. Koseleg dama. Ho sa at det er fullmåne snart - og reknar med at eg kjem til å føda då. Ho sa at ei anna ei hadde fått ved førre fullmåne - og ho hadde sagt at den dama kom ikkje til å gå 24 timar til - 18 timar etterpå var visst ungen fødd...

Har det noko å seia?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

På fødeavdelingen på Ahus har dei ei tavle med knappenåler for kor mange gutar og jenter som vert fødd kvar dag. Der har dei òg merka av når det var fullmåne.

 

Eg synest å hugsa (frå den kjappe omvisninga me hadde på svangerskapskurset) at det ikkje hadde noko å seie her på denne kanten av landet iallfall (Austlege Akershus altso).

 

Kanskje nokon som nyss har vore der kan bekrefta eller stadfesta dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har skjønt det er størst skilnad på Vestlandet. Austlandet har ikkje så stor skilnad på flo og fjæra (som månen påverkar) som oss her vest. Trur det er sameleis nordover langs kysten, men er ikkje sikker på det. Kva som er årsak til det, må eg spørja papen om. Om det har noko med fullmåne og nymåne og sånt å gjera i tillegg, det anar eg ikkje. Men no vil eg ha babyen min i armane i staden for i magen - fullmåne eller ikkje! ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...