Gå til innhold

Ingeborg kom til verda 10. juli


juliglede

Anbefalte innlegg

1 dag før termin. Har gutt på litt over 2 frå før. Gjekk kveldstur kvelden før, og om morgonen gjekk vatnet. Det gjekk mange timar før riene kom ofte nok, men når det heile var i gang, gjekk det fort. Hadde rier ca. kvart 5. min når eg ankom sjukehuset halv seks, og to timar etterpå 19.45 var babyen ute! Opplevde at smertene var store når eg prøvde å ligge i senga, men hadde mykje meir kontroll når eg sat litt bakoverlent i ein stol med armlener (og kunne trykke mot med armane). Vil anbefale det på det sterkaste, varierte mellom stolen, og å stå holde meg i ein vask på badet og rugge fram og tilbake. Kjendest veldig naturleg, og det gjekk ikkje lenge før pressetrongen byrja å komma. Rakk aldri å ta lystgassen eg hadde planlagt. Måtte dessverre opp i senga på dei siste pressriene, ville heller hatt fødekrakk. Ei sterk og flott oppleving av mestring. Takk for meg her på BIM, har sett pris på samhold og råd. Lykke til alle saman.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gratulerer så mye med lille Ingeborg:) Kos dere masse i tida framover!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulera så masse med jento!! På mandag e da min tur te å treffa prinsassa mi, for då skal eg ta keisersnitt. Kvir meg te ks, men gler meg i hel te å få treffa gullet:) Kos deg masse med Ingeborg:-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...