Gå til innhold

hva slags mat lager dere til de søte små?


Anbefalte innlegg

Skrevet

trenger litt tips jeg:)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Småen har aldri likt "ferdigmat", så eg har laga all middag til han sidan han begynte å ete det. Då han fylte året var det ganske greitt å lage, sidan han då kunne ete det meste.

 

Som regel åt han det same som oss til middag, men det er ikkje alltid middagstidene våre passar for ein liten knott, så då hadde eg nedfrose middag til han i frysen.

 

Laks&pasta (ein klar favoritt)

- fullkorsnpasta

- laksefilét

- brokkoli, gulrot, ev. andre grønsaker

- kvit saus med lite salt

 

Kos pasta. Del laks og grønsaker i passelege bitar (ev. bruk stavmiksar dersom ungen ikkje er glad i klumpar), bland saman med pasta og saus. Frys ned i porsjonsglas.

 

Kyllinggryte

- ris (gjerne naturris-varianten)

- kyllingfilet

- paprika, squash, mais, løk, ev. andre grønsaker

- saus (enten kyllingsaus frå pose eller kvit saus med f.eks. paprikakrydder og ost)

 

Same famgangsmåte som over :o)

 

Lapskaus

- litt okse- eller sauekjøt (spandér eit fint stykke, det er ikkje så mykje som skal til)

- potet, kålrabi, gulrot, kål, løk/purre, ev. andre grønsaker

 

Kok kjøtet på førehand og del det opp i passeleg store bitar. Ha grønsakene i kjøtkrafta og la alt putre til passeleg konsistens. Litt salt må til, og pepper set og god smak.

 

Fiskekaker i brun saus

- fiskekaker

- potet, gulrot, brokkoli, løk, ev. andre grønsaker

- brun saus

 

Fiskekakene treng ikkje varmast, berre del dei i passe store bitar og bland alt når grønsakene er ferdig kokt.

 

Fiskebollar i kvit saus

- fiskebollar (ikkje bruk krafta, den er veldig salt)

- potet, gulrot, blomkål, erter, ev. andre grønsaker

- kvit saus/karrisaus

 

Kok, del, bland :o)

 

Husk at sjølv om småtassar ikkje skal ha så mykje salt, så er det fritt fram for å prøve andre typar krydder, både urter og f.eks. pepper, løkpulver, kvitløk, karri osv.

Skrevet

Du milde Moses kor eg kan skrive... Håpar det var middagstips du var ute etter :o)

Skrevet

hehe var det ja.takk for tips;)

Skrevet

Hun spiser akkurat det samme som oss til middag. Er 14 mnd.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...