Gå til innhold

Me har født! Fødselshistorie


PrøvLykken

Anbefalte innlegg

For 2 veker sidan blei me henvist til UL pga at jordmor var bittelitt usikker på leie, sjølv om ho nesten var sikker på at det var hovudleie. Då var det 3 veker til termin. To dagar fekk me vita at legen på sjukehuset at ungen låg i seteleie. Me kom tilbake på ekstra kontroll for å bestemma kva me skulle gjera tirsdagen etterpå. Me fann ut at me ville ha keisarsnitt, og legen var enig og meinte det burde skje fort sidan det var lite fostervatn. Ho ringte bort til fødeavdelingen, og me fekk vita at me skulle få babyen vår på torsdagen - to dagar seinare.

 

Eg var veldig spent og sov ganske dårleg dei siste nettene. Onsdagen gjekk med til innskriving, noko som tok over 3 timar (mest venting, men og gjennomgang av alt som skulle skje og kunne skje). Torsdagen kom, og me skulle møta på sjukehuset 6.30. Eg blei klargjort, og mellom 11.00 og 11.30 blei me henta til operasjonsstova. Det var mange folk der, og alle var veldig beroligande. Det var godt å merka at for dei var eg ein rutine, samtidig som dei gjorde alt for at me skulle ha det veldig bra. Det var mykje ordning først med slangar og sprøyter og gardin mellom meg og magen. Då dei først byrja å jobba bak gardina, gjekk ting fort. Eg kjente mykje romstering, men ingenting var vondt eller ekkelt. So høyrde eg eit splasj (dei tok vatnet), og so like etter sa legen: "Var det du som lurte på om ungen skreik med ein gong? Høyr her!" so høyrde eg berre eit kraftig skrik. Like etter tok dei ungen bak til oss, og me kunne vita at det var ei jente! Ho var full av talg, hadde kjempetjukt hår og var heilt nydelig. Eg strauk og klappa ho og var heilt rørt. Tårene trilla lenge etterpå for eg var so glad. Etterpå gjekk og faren hennas ut for å vega og stella henne. Då eg var ferdig sydd og flytta til postoperativen fekk eg endelig halda ho tett inntil meg. Alt var fint med oss begge, (sjølv om eg ser at eg ikkje såg bra ut på bileta...)

 

No er me endeleg heime frå sjukehuset, me måtte vera i 5 dagar pga at ho ikkje ville eta og gjekk so ned i vekt. No er ho plutseleg glad i mat, og me kosar oss skikkelig masse!

 

Sjølv om me hadde keisarsnitt, var det ein heilt fansatstisk fødselsopplevelse! Eg og mannen min er superstolte, og meinar seriøst at dette er det finaste menneske på denne jorda!

 

Lykke til til alle som skal føda - gled dåke!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gratulerer så mye, sitter med tårer i øynene, fødselsfølelsen det å ha bringt et barn til verden er en deilig følelse!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer så masse med den lille tulla. Gleder meg selv nå. Skal ha keisersnitt den 24 juli, så her er det full nedtelling ;)

Hvor stor var nurket?

Kos dere masse i tiden som kommer!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerrer så mye.

Tror det er like stort å føde vanlig og ta keisersnitt.

resultatet blir hvertfall det samme.

En herlig liten baby.

Gleder meg til det er vår tur.

 

Lykke til videre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer så mye:-) Fint å lese en fødselshistorie fra noen som har tatt ks også! Og så flott at alt gikk så bra da, det hjelper på for oss som ennå venter...:-) Kos dere masse sammen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer ;o)

så bra dere fikk en så fin opplevelse av det hele.. kos dere masse ..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til alle! Rart å tenkje på at det enno er nesten ei veke til termin. Lykke til med alle fødslar som kjem! Håpar de får ei fin tid framover:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...