Gå til innhold

kan nokon kommentere tidsplanen min?


Anbefalte innlegg

Skrevet

vi bur på ein liten plass, skal ha ganske få middagsgjester, men ein god del kaffigjester, og vi legg opp til ein ganske uformell tone. Utan at noko er bestemt, ser eg for meg ein slik plan for dagen:

 

09.00-11.30: pynting av brud og forlovar. Maks 2 1/2 time på begge, inkludert at forlovaren hentar brudebuketten og at vi skiftar til finstasen.

 

12.00-12.45: brud og forlovar ser over lokalet, set fram blomsterdekorasjonane og slikt. Hentar far min og køyrer til kyrkja.

 

I mellomtida: Mor mi og svigermor mi pyntar kyrkja (under streng instruks). Brudgommen hentar knappholsbukettane og skiftar. Tek på seg og guten vår, som då er 21 mnd, finstasen, og køyrer til kyrkja. Tek imot gjestene.

 

13.00-13.45: Seremonien. Med "Bruremarsj frå Møre", "Guds kjærleik er", "Å leva, det er å elska", "Du er min los" og "All you need is love".

 

13.45-14.00: vi tek imot gratulasjonar på kyrkjetrappa

 

14.30-15.15: fotografering. I fjøresteinane der eg vaks opp.

I mellomtida: 4 av gjestene (mine veninner) opnar gåver.

Gjestene får ein velkomstdrink (Champagne el. Mozell) idet dei kjem til festlokalet. Elles står det litt twist framme, der ligg gjestebok dei kan skrive i, og dei eg veit har gode sosiale evner får ansvar for å halde liv i gjengen fram til vi kjem frå fotografen. Må kanskje tilføye at dei fleste middagsgjesten bur i same bygda og heilt fint kan fare heim i mellomtida, men vi kjem til å skrive i invitasjonane at festlokalet opnar 14.30, for dei få som ikkje har nokon annan stad å gjere av seg. Og dei må jo kjenne seg litt velkomne, så burde eg tvinge folk til å fare rett til festlokalet etter kyrkja? Kva då med dei som vil skifta frå bunad til kjole? Synst den biten der er litt kinkig.

 

15.30: Vi kjem til festlokalet! Sikkert litt fotografering og greier, og så vil vi gjerne ynskje kvar einskild velkomen.

 

16.00-18.30: Middag. Tre rettar, fire-fem talar og eit par songar, litt kyssing.

 

18-30: Det kritiske punktet. Brudgommen tek med seg sonen vår heim og legg han.Vi bur fem minutt frå festlokalet (til fots)

Nevøane og niesa vår på 15, 13 og 8 skal vere barnevakter, og dei stoler eg fullt og heilt på, men sonen vår liker ikkje ikkje å verte lagt av andre enn oss. Så han får seg kveldsmat, stell og nattabok, og er vonleg i drøymeland før klokka er 19.30 (det bruker han å vere).

 

I mellomtida: Gjestene har fått beskjed om å gå opp på loftet, der det er sett fram kaffi og konjakk/likør. Eventuelt kan dei gå ut, dersom det er vêr til det. Inne i salen har nokre av gjesten fått i oppdrag å dekke om til kaffi (vi var ca 35, no vert vi nesten dobbelt så mange). Ekstra bord og stolar, nytt bordkart og nye bordkort er klart. Samtidig tek kaffigjestene til å strøyme til. Eg ynskjer dei velkomne etterkvart som dei kjem, ber dei gå opp på loftet og få seg ein velkomstdrink, og nokon av gjestene opnar gåvene dei har med seg. Brudgommen kjem tilbake.

 

20.00: Kaffien startar. Velkomsthelsing og to-tre talar/songar.

21.30: Dans. Levande musikk.

 

kommentarar til denne planen? (dersom kommentaren din er at du ikkje er glad i kaffigjester, kan du spare han til ein annan tråd). Noko som ser for knapt ut? Noko som ser ut til å vare for lenge? Andre idear til korleis vi kan løyse dette at vi altså må få lagt sonen vår i løpet av kvelden? Vil folk verte skrekkeleg fornærma over at brudgommen vert vekke i pausen mellom middag og kaffi?

 

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

høres fornuftig ut:) tror jeg skal kopiere litt fra din:)vi skal ha koldtbord da, men utenom det ganske likt som jeg har tenkt...Jeg skal ikke til festlokalet før kirke..skal gi strenge instrukser til mine dyktige servitriser om hvor blomstrene skal stå, slik at de kan sette dem ut på bordene...

Skrevet

Det hadde eg ikkje teke sjansen på, men det er berre fordi eg er så sær. Tek derimot sjansen på å la syskenbarnet mitt LAGE dekorasjonane, sjølv om ho ikkje har noko som helst erfaring eller utdanning, av roser frå hagen og litt brudeslør og grønt..Logisk? Knapt.

Skrevet

søsteren min skal lage mine dekorasjoner, hun er heller ikke proff..så det tror jeg nok går helt utmerket:)

Skrevet

Vil du ikke se over festlokalet dagen før bryllupsdagen, i stede for å gå ned der i brudestasen når du er stressa og gjerne trenger all tiden til overs som du kan få?

Skrevet

Tar det en halvtime å komme seg til fjæra for fotografering eller er det bare lagt inn ekstra tid mellom kirketrappa og fotograferinga? For et kvarter på kirketrappa går sinnsykt fort!! Etter hva jeg har hørt bør man minst ha en halvtime der, alle skal gå ut å si gratulerer,en etter en, og så skal alle ta masse bilder...men dere har jo mer tid om det ikke tar en halvtime å komme seg til fotografering da. :-)

Skrevet

NEI NEI NEI :) Brudgommen må IKKE hjem for å legge den lille. At han ikke liker å bli lagt av andre, eller er vanskelig å legge som det også betyr-skal ikke ødelegge kvelden for dere!

Ta me hun elste jenten hjem en kveld og la hun legge ungen. Eller la ungen deres bli lett å legge. Avvenn han med skriking og den slags. Legg han i senga og gå ut av rommet. LA han skrike litt og ikke ta han opp så lege du vet han er mett og dere har gitt han kos. Begge mine unger er ENKLE å legge. legger dem i sengen og etter en liten stund sover de. At brudgommen skal hjem og legge gutten som nesten er 2 år synes jeg er helt utrolig rart? eh..... skjønner ikke.

Er han virkelig såååååå vanskelig å legge. Nei, skjerpings. Dette kommer IKKE til å funke. Denne dagen er det ikke rom for at brudgomm skal hjem og legge guttunger, ærlig talt. Stol på 15 åringen.

 

Ellers var tidsskjemaet helt greit. HUSK å stå i døren og ØNSKE ALLE kaffigjestene velkommen ved å ta i mot dem ved å håndhilse. Noe lurt er å stå ved inngangen slik at alle som går inn må gratulere dere, og at dere da samtidig ønsker de velkommen-en og en såklart....

Skrevet

Akkurat der hadde eg ei lta tidslomme som eg tenkte eg kunne bruke til slike siste liten-greier i lokalet. Elles skal jo alt vere klart dagen før, men akkurat blomane bør kanskje få stå kaldt så lenge som råd? Men vert tida der knappare enn det ser ut til no, får eg gi kjøkensjefen min oppdraget. Har berre så angst for at blomane vert ståande ein millimeter skeivt...

Skrevet

Det er lagt inn litt meir tid på kykjetrappa enn det kanskje ser ut som. Tek maks eit kvarter å køyre frå kyrkja til fotograferinga, så det trur eg skal gå bra.

Skrevet

Niesa mi er åtte år, det er nevøane mine som er femten og tretten. Men det speler vel ikkje så stor rolle, ingen av dei hadde turt å ta på seg ansvaret for kveldsmat, stell og legging viss der ikkje var nokon vaksne som hjelpte dei. Det er noko anna å berre sitje vakt for ein unge som allereise søv, enn å få han til å sovne.

 

Eg kan å leggje ungen min, altså, det er aldri noko skriking på han når vi legg han. Men eg er jo klar over at dette kan verte eit problem. Vert folk like fornærma om det er mor mi som er vekke i pausen for å leggje junior? Er litt lettare for henne å kome og øve på førehand også, enn det er for desse tre tanteungane mine.

Skrevet

Det aller viktigste er at du får en fin dag. Ikke bry deg om noen synes det er rart at brudgommen stikker av en tur, selv om en av besteforeldrene sikkert gjør det med glede! Det er nok færre som vil legge merke til det. Lurt at du har lagt inn litt tid mellom middagen og kaffen, middagen kan fort ta litt mer tid enn man regner med. Lykke til!!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...