Gå til innhold

Fødselshistore


babynr2 i juli :)

Anbefalte innlegg

Svangerskapet har gått som en drøm, har egentlig ikkje merka at eg har vert gravid ein gong, tok alt ei brå vending under fødselen.

 

Vi skulle til kontroll torsdag 08.02.07, (dagen før termin) for å estimere vekta til babyen, sidan eg låg litt utan for kurva. Gynekologen anslo då vekta til å vere ca. 3 800. og ba meg om å få ein time til overtidskontroll om ei veke. Akkurat i det vi skal til å gå seier han at det gjerne kunne vere greit å ta ein ctg før vi for heim. Ja, ja tenkte eg det kan vi vel, men alt ser vel bra ut. Eg følte meg i så god form at eg såg for meg at eg minst kom til å gå ei veke over termin.

 

Jordmora kopla meg ctg, og eg låg no der og ante fred og ingen fare. Ho spurte om eg kjente noko, nei sa eg, eg har ikkje kjent noko. Hm, det ser ut til at du har litt kynnera, eller rier. Det var heilt nytt for meg, ikkje viste eg korleis ein kynner kjentes ut, trudde det var babyen som bevegde seg eg. Ikkje alltid like greit å vere førstegangsfødande og uviten. Jau då, eg hadde kynnera med 5 minutts mellomrom og ei åpning på 4 cm. Kan sei eg blei litt sjokka. Vi fekk reise heim kl 14 på dagen, men kl 4 om natta meldre riene seg.

 

Dei tok vatnet kl 08 og alt gjekk som ein normal fødsel skal gå, heilt til foster lyden sank til under 60 under tre rier. Plutselig hadde vi fått ein sugekopp mellom beina og babyen var ute etter 3 min, men utan puls og pust. Dei sprang berre ut med ho, medan vi blei liggande att og vente på eit lite skrik, men ingenting skjedde. Dei måtte legge ned tube og bagge ho igang, men heldigvis kom ho raskt i gang. Deretter var det rett i kuvøs og ho blei flydd i heilkopter til Førde. Vi fekk reise etter etter eit par timar i drosje.

 

Fyrste to døgna var ho ganske hissig, og sov svært lite. Har hatt nokre krampeanfall så ho er undersøkt både med ultralyd og ct av hjerna, men alt ser heilt fint ut. i går og idag har ho vore heilt utmatt og berre sove, men no ser det ut til at alt ordnar seg.

¨

Var liksom ikkje heilt slik det skulle gå nei, no er det berre å krysse det ein kan kryss og håpe at alt går fint

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Det var jo dramatisk!!! og det var en tøff start for dere alle!! Håper dere fikk god informasjon - og mange oppdateringer underveis. Kjedelig når barnet må flyttes til et annet sted! Får håpe krampene gir seg raskt, og at ting normaliseres, slik at dere kan senke skuldrene igjen!!

Lykkeønskninger!!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...