Gå til innhold

Bursdag til besvær


Anbefalte innlegg

Skrevet

Guten min går på ein liten skule med under 30 elevar totalt frå 1. til 7. årstrinn. Eg synst at når ein har bursdag og det er så få ungar så får ein invitere alle. Ein kan ikkje begynne å plukke. Er ein 5 i klassen må ein invitere alle, sjølv om det er ein ein ikkje likar... Dette har vi holdt på, men no er det vanskeleg å argumentere for det, for desverre er ikkje alle foreldre einige i det, tydelegvis.

I dag kom guten min heim og sa at dei fleste andre på same alder som han (klassen over, hans klasse og klassen under) var invitert i eit bursdagsselskap. Berre han og to gutar til var ikkje invitert. "No for tida er det berre dei populære som blir invitert i selskap - og eg er ikkje ein av dei" seier han med sårheit i stemmen.

Eg synst dette er kjempefrustrerande. Det er så vondt å sjå at han blir stengt ute! Dårlig gjort er det! Veit neimenn ikkje korleis eg skal gripe det an heller... Har sendt ein e-post til rektor om det og ber dei ta det opp på foreldremøte, på generelt grunnlag, men veit ikkje om det er nokon vits i. Ikkje veit eg om eg kan klare å argumentere for å invitere alle neste gang - nesten ingen andre gjer det jo...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...