Gå til innhold

Tett nese


Anbefalte innlegg

Skrevet

Min sønn på 6 uker har tett nese... Han lager snorkelyder hele tiden og når han dier så får han nesten ikke puste.

Hva skal jeg gjøre?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Prøv å drypp litt morsmelk i nesen hans:)

Ellers så kan du prøve med fysiologiskt saltvann (apoteket).

God bedring til gutten din:)

Skrevet

Eg har skrive mykje om tett nase hos spedbarn det siste året, så no tar eg frekt og freidig og klipper og limer frå innlegg eg har svart på tidlegare.

 

---------------------------------------------------------------------------- -- ----- ------------------

 

Guten vår har vore nesten konstant tett i nasa sidan han vart fødd. Det har alltid vore verst om natta/tidleg morgon, og han har innimellom hatt problem med å ta puppen. Han har hatt netter der han har snorka ein del, og det har vore fleire netter der eg har sittet i senga med han på brystet for at han skulle få til å sove.

 

I romjula vart han skikkelig forkjøla i tillegg, og rett over nyttår havna vi på legevakten fordi han var så tett at han ikkje hadde verken ete eller sove på 12 timar (han var då 3 mnd gamal). Dei gav oss nasedråpar (saltvatn hjelpte ikkje), og henviste oss til øre-nese-hals-spesialist. Men sa at dei sannsynlegvis ikkje ville finne noko gale.

 

Vi fekk time til ø.n.h. 16. februar. Men siste veka før det merka vi at guten var mindre tett, og då vi kom til legen på torsdag var han så godt som bra...

 

Legen sjekka alt som skulle sjekkast, og konkluderte med at guten vår er "normal". Han sa det at på så små ungar er det så veldig små marginar å gå på, det skal nesten ingen ting til for at dei blir tette, og det er mange som er fødd med litt trange nasegangar. Det vil dei vekse av seg.

 

Tydeligvis er det akkurat det som har skjedd med guten vår. Han har vore veldig bra dei siste dagane, sjølv om han framleis snorkar litt, og er litt snørrete. Det har i alle fall ikkje vore noko problem å ta puppen.

 

Ville vel egentlig berre fortelle deg at det er vanleg at babyar er veldig tette, og at dei som regel veks det av seg. Men det er ubehagelig (meir for foreldra enn for babyen, sa legen) så lenge det varar. Men det skadar uansett ikkje å ta seg ein tur til legen, om ikkje anna så kan du få klarsignal til å bruke "skikkelige" nasedråpar, og evt. henvisning til øre-nese-hals. Det er godt å få bekrefta at det ikkje er noko der som han ikkje veks av seg.

 

For oss tok det nesten 5 mnd før han begynte å bli bedre, så ta tida til hjelp, og prøv å gjere alt så greit for babyen i mellomtida.

 

Du kan gjere fleire ting for å hjelpe babyen når ho er tett. Du kan:

 

* Heve den eine enden på senga så hovudet kjem høgare opp - gjerne 10-15cm (legg bøker under sengestolpane)

* Holde ho i "oppreist" stilling når ho er våken (f.eks. la ho ligge på brystet/over skuldera di) - spesielt før amming

* Dryppe nokre dråper morsmelk eller saltvatn (får du kjøpt på apoteket) i nasa. Vår erfaring er forresten at morsmelka gjorde guten enno meir snørrete, så saltvatn var bedre for oss.

* Du kan kjøpe ein "snørrsugar" på apoteket eller ein velutstyrt leikebutikk - då kan du kanskje få ut noko av det som blokkerer. (Guten vår blei hysterisk av snørrsugaren, så det hjelpte lite, men har hørt andre sei at den har fungert supert)

* Viss ingenting av dette hjelper kan du ta ein telefon til helsesøster/lege for å høyre om det er greit å gje ho "skikkelige" nasedråpar. Vi har brukt Rhinox til guten vår eit par gongar når han ikkje har klart å ta puppen pga tett nase. Men det bør berre brukast når det er "krise", då langvarig forbruk kan skade slimhinnene i nasa permanent.

 

.. forresten så blei guten vår faktisk enno tettare av morsmelk enn av ingenting, så det er ikkje alltid det funkar.

 

No er "småen" forresten 11,5 mnd og framleis hender det at han er tett sjølv om han ikkje er forkjøla/har feber. Men når vi drypper saltvatn i nasa hans no (under ville protestar...) så løsnar det eit par dugelige snørrklumpar, og så blir alt bedre igjen...

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...