Anonym bruker Skrevet 15. desember 2017 #1 Skrevet 15. desember 2017 Det er ikkje all utvikling som er framsteg, tenkjer eg når vi sit med kvar vår telefon foran TV-en og det blå skimrande lyset øydelegg nyansane i samtalen. Savnar ein armkrok, men skjermane er som ein usynleg vegg, og eg kjenner trekken frå eit kaldare samfunn i rommet mellom oss. Det er ikkje all utvikling som er framsteg, tenkjer eg, når det berre snakkast om korleis me kan bli meir effektive, billegare og meir robuste. Eg vil høyre meir om korleis me kan vere rause på kvarandre, og leiter etter strimer av varme i fellesskapet. Det er ikkje all utvikling som er framsteg, men eg liker varmepumpa. Anonymkode: c3e02...e9c
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå