Gå til innhold

Jobbhjelp


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg har ein kollega som eg likar godt og som eg syns er veldig flink. Ho kom tilbake etter ein permisjon då eg hadde jobba der nokre månader og ting hadde endra seg veldig frå då ho tok permisjon. No, jobbar ho der mykje meir enn meg og er meir inni ting, slik at eg ofte spør om ting som ho veit betre enn meg.

Det eg ser er at ho oftare og oftare går inn og overstyrer og undergraver ting eg gjer. Nokre gonger fordi det er snakka om ting når eg ikkje var der, det er greit syns eg. Andre gonger er det kun fordi ho meiner ho veit betre, problemet er at eg faktisk er høgare på "rangsstigen" og har meir kompetanse enn ho på slike ting. Eg opplever at ho blandar korta og derfor blandar seg der ho ikkje bør. Eg trur ikkje det er vondt meint, meir at ho på grunn av manglande kompetanse ikkje forstår mine val og derfor trekk sluttningar om at det eg gjer er feil. Ein annan ting er at eg opplever at ho undervurderer tryggleiken i relasjonen mellom meg og brukarane. Eg får stadig servert informasjon om brukarar sine personlegdomar etc. som om dette skal vere nytt for meg sjølv om eg har kjent dei i tre år.

Eg tenkjer at vi treng ei rolleavklaring og betre informasjonsflyt. Eg trur nemleg dette kjem av at eg sjeldan er på møter lenger og derfor får lite førstehåndinformasjon. Det gjer at eg er litt clueless til tider, det har kanskje endra "maktbalansen" litt slik at ho opplever det som si oppgåve å rettleie meg på alle områder.

 

Eg vil helst ikkje involvere leiaren i dette, men lurar på om eg må?



Anonymous poster hash: 434e2...c5a
Videoannonse
Annonse
Skrevet

dytt



Anonymous poster hash: 434e2...c5a
Skrevet

Er hun med på møtene? Om hun er det så kan dere kanskje sammen sette ned en liste over spesifikke ting du må vite?

Om hun ikke er med på møtene og dere ikke deler saker så kan du pent si til henne at du skal spørre dersom du trenger hennes hjelp eller kompetanse. Avvis henne høflig.

Går det an?



Anonymous poster hash: 44b77...159
Skrevet

 

Er hun med på møtene? Om hun er det så kan dere kanskje sammen sette ned en liste over spesifikke ting du må vite?

Om hun ikke er med på møtene og dere ikke deler saker så kan du pent si til henne at du skal spørre dersom du trenger hennes hjelp eller kompetanse. Avvis henne høflig.

Går det an?

 

Anonymous poster hash: 44b77...159

 

Problemet med dette er at vi ofte står i situasjonar saman med ulike brukargruppar når dette skjer. Det vil sei at eg må "krangle" med ho med tilskodarar som det ikkje er rett å sette i den possisjonen. Det er ei grunnleggande misoppfattning frå hennar side om at det er hennar vurdering som skal gjelde fordi ho jobbar fullt og eg ikkje gjer det. Stillingsinstruksane våre tilseier noko anna.

 

Anonymous poster hash: 434e2...c5a

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...