Gå til innhold

Deilig med barnehage :)


Anbefalte innlegg

Skrevet

Dag tre med barnehagetilvenning i dag, leverte ho kl åtte og ho hadde såvidt tid til å vinke då eg gjekk. Viss alt går like fint som på onsdag og i går sender dei melding når ho våknar frå middagskvil, sånn ca 13.30-14. Så då har eg rikelig med tid til å kvile, deilig for ein stakkars gravid kropp :)

 

Likevel har eg mest lyst til å hente ho med ein gong, likar ikkje at ho kosar seg slik utan meg..

Videoannonse
Annonse
Gjest sug lut
Skrevet

Kjent problemstilling - men på sikt må hun jo være der, og du trenger garantert hvile. Hvor lenge er det igjen av svangerskapet? Forresten, du veit det sikkert allerede, men vi hadde en backlash etter en uke eller to, når det gikk opp for ungen at dette var en permanent løsning, ikke bare akkurat nå...

Skrevet

Har tre måneder att, dei tre lengste månadene :(

 

Er forberedt på at det nok ikkje kjem til å gå knirkefritt heile vegen, men ho er godt vant med å bli passa av andre. Etter pappapermen var over til påske har ho "gått på legd", og blitt passa av besteforeldre, grandtanter og anna slekt. Så ho er ikkje akkurat ukjent med å vere heimafrå. Men slik er det å vere barn i dag..

 

Om pappaen har vore mykje borte protesterar ho når han går, om han så går i kjellaren ein tur og ho må bli att i stua saman med meg, så ein og anna dag med leveringsproblemer blir det nok :(

 

Men i dag er i dag, og dagen ser ut til å gå bra :) neste kritiske punkt er sovetid (seks eittåringar i grindsenger på same rom, alle med si første veke i barnehagen)..

Gjest fjernet-medlem-1402
Skrevet

Så bra at starten har gått greit  :)

Lettere å takle de dagene hvor det ikke er like greit hvis bare starten er god :)

Skrevet

Ho ville ikkje vere med heim då vi kom ut på leikeplassen, der var nemleg ein trebil ein kan sitje i. At det allereie sat ei lita jente bak rattet, som iherdig skubba ho bort då ho ville klatre inn for å ha heile framsetet for seg sjølv, gjorde ikkje lysta til å køyre bil noko mindre :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...