Jump to content
Sign in to follow this  
helixxx

Min historie (langt og forferdeleg trist)

Recommended Posts

helixxx

Sitter oppe kl 5.44 i natt. Føler meg "utavmegsjølvopplevelse". Har hatt 7 "svangerskap"; dei 2 første resulterte i 2 fantastiske barn. Når minstemann var 5 år begynte vi å prøve igjen. SA veke 7, SA veke 7, MA veke 17 (foster <12 veker), mola veke 7 og no sist MA veke 15 fosteret var 13+3 (ca).

 

Alt såg så bra ut denne gang. Hadde full oppfølging med UL veke 7, veke 10 og veker 12. Lille gull vaks perfekt og eg hadde det fint. Fekk progesteron (crinone) og blodtynnande (albyl-e) frå 7 veker. Når eg var ca 13+3 så begynte eg å bekymre meg. MASSE. Det kom ein unormal "klump" ut på ca 1*1 cm i truseinnlegget men utan blod, og eg tvang meg sjølv å tenke at alt var OK. I ettertid så tenker eg at eg hadde litt ilt i ryggen og, men det har jo eg av og til ellers og. Men eg bekymra meg og sov dårleg. Hadde time til jordmor 14+4. Så eg tenkte at eg måtte "holde ut". Vel inne hos jordmor var eg kjempenervøs. Ho fant ikkje hjertelyd, og då visste eg det. Sjølv om ho sa at det var ofte ho ikkje fant det, og sjølv om sjukehuset tok meg inn til UL "kun fordi det var meg som var i systemet fordi eg hadde jo sett liv 11+6 og det var vanleg at ikkje jordmødre fant hjertelyd". Fekk likevel akutt-time og er så glad for det. På sjukehuset kom eg inn til overlegen som eg har hatt heile tida, og eg fekk sjå på skjermen heile tida når ho såg. Eg visste det med ein gang. Ho var heilt stille. Og babyen var heilt stille. Tårane rant. Ein til lege kom inn og såg, og bekrefta MAen. Eg knakk heilt i hop. Eg hadde håpa så masse, og eg hadde stolt på kroppen min igjen, men håpet var no vekk og den totale skuffelsen var min. Berre min. Eg fekk eit rom å vere aleine i, men var heilt tom og tårane og hulkinga berre fortsatte. Ringte til mannen min og fortalde det. På tidspunktet var eit av barna våre aleine heime med kvalme (11 år) og det andre barnet vårt vart på legevakta fordi han hadde slått hovudet på isen. ALT på same tid. Eg sa at eg ville at han skulle vere med barna. Dette måtte eg klare....

 

Eg forestilte meg utskraping den same dagen og forberedte meg psykisk på det (har jo hatt det 2x før så eg trudde eg visste kva eg gjekk til). Legen sa forsiktig at fosteret var for stort for utskraping og at eg måtte gjennom "medisinsk abort" med cytotec. Eg fekk heilt panikk, men berre nikka og sa "Eg forstår" og vart trilla inn på det som skulle bli rommet mitt i nesten 3 dagar. Min englesjukepleiar kom inn til meg, satt med meg og fant mat til meg. Fekk ikkje i meg ein bit, men englesjukepleiaren overtalte meg til å ete litt. Litt seinare kom ho inn og spurte om eg hadde spm. Der og ¨å hadde eg ingenting, men ho gav seg ikkje og fortalde kva eg skulle gjennom. Eg er sjeleglad for at akkurat ho var der og at ho guida meg gjennom det. Ho fortalde om kva eg skulle få av tablettar og kortid og kva eg unne forvente. Ho fortalde at eg så måtte gå på do og føde min lille baby i eit bekken. For meg var dette heilt uverkeleg. Eg ville ikkje sjå alt blodet og morkaka og alt. Sjukepleiaren beroliga meg og sa at "vi tar det som det kjem. Eg er her". Og det var ho. Gjennom heile prosessen som starta kl 6 morgonen etter (ho kom kl 7).

 

Når eg skulle vere 14+5 fekk eg 4 cytotec-tablettar kl 6 + masse smertestillande. Eg sov meg gjennom dei første 2 timane og fekk frukost kl 8. Fekk ikkje ned noko ting og holdt på å både besvime og å kaste opp. Eg er ikkje vant til tablettar og var samtidig i sjokk og veldig veldig trist. Sovna igjen. Kl 9 vokna eg og var litt betre. Litt mensmurringar hadde eg men ingenting meir. Fekk 2 nye cytotec kl 10. Kl 11 begynte eg å få ilt og det synst eg var skikkeleg bra. Rart, men eg ville liksom at dette skulle gjere fysisk ilt og. Var fortsatt livredd for det som ville komme......men ingenting kom jo. Plutseleg gjekk vatnet. MASSE vatn. Brunt vatn. Litt på 12 vart eg og min englesjukepleiar einige om at eg skulle få prøve å presse ut det i senga fordi eg skalv sånn og klarde ikkje å stå utan å besvime (eg besvimar når eg er redd!). Likevel klarde ho å overtale meg til å sette meg på do 1 gang og prøve å presse. Og ut kom det i bekkenet på do. Utan at eg hadde presstrang eller noke ting. Det var ikkje vondt heller. Og eg kjente kva det var. Det var Lille gull. Sjukepleiaren tok det med seg ut og eg gjekk og la meg igjen. Når ho kom inn 2 minutt seinare så fortalde ho at det var babyen og at den var kjempefin. Ho sa at for sorgprosessen sin del, og for meg, så burde eg sjå den. Eg svarde ja, men hugsar no ikkje heilt kva som skjedde først; om eg måtte presse ut morkaka (som var stor. Ekkelt, men ikkje vondt!) eller om eg fekk sjå babyen. Uansett så var det å sjå Lille Gull HEILT FANTASTISK og FINT! Eg er så glad for at akkurat denne sjukepleiaren var hos meg og fekk meg til å gjere det. Han/ho låg så fredeleg der. Auge var der, øyre var der, fingrar var der. Og den var så fin. Og fredeleg. Sjølv om den var berre ca 8 cm. Eg fekk ligge ved sidan av Lille gull i ca 30 minutt og desse minutta var veldig fine. Det høyrest kanskje markabrt ut (og mannen min forstår dette ikkje), men det var ein veldig fin ting for sorgprosessen. Eg fylte ut skjema for obduksjon og så for at Lille gull skal begravast på minnelund. Det med obduksjon spurte eg etter heile tida og det var ukomplisert. Minnelund hadde eg ikkje tenkt på og synst det var rart først. Før eg hadde sett den lille. Men no er eg så takknemmleg for det. Og eg vil ha ein plass eg kan gå å minnast min fantastiske 8 cm baby som ikkje skulle få vekse opp.

 

Når dette var over så tenkte eg at eg kunne reise heim. Sjølvsagt vart det ikkje slik. Det var for mykje blod og fosterrestar igjen og ny cytotec-behandling måtte til. På dette tidspunktet hadde eg ikkje ete på 20 timar og fekk ikkje lov heller i tilfelle eg måtte ha utskraping og. Eg sov og grein om kvarandre og var heilt utsleten. 3 timar seinare var eg på ny UL. Det var fortsatt ein del igjen men det var "under grensa". Dvs at eg slapp utskraping men måtte bli til dagen etter. I går kom eg heim. Det var fantastisk å komme heim til mann og barn. Min fantastiske, herlege familie. Eg er så heldig! Og har dårleg samvittigheit for at eg vil ha endå eit barn.

 

No sit eg alltså å skriv dette, meir terapi for meg sjølv egentleg. Eg vil komme meg fysisk til hektene, så håpar eg å kunne "komme over det" psykisk. For dette er tungt og tøft. Beintøft! Framover så vil eg få svar på obduksjonen og alle prøvane, inkl kromosomprøvar, og kanskje får eg svar, kanskje ikkje, på kvifor dette skjedde denne gangen.

 

Eg sa at dette var mitt siste forsøk på å få nr 3. Mannen min orkar ikkje meir, mest fordi han meinar at eg blir øydelagt av det. Og han har sikkert rett. Men om det går så er det så verdt det. Men når er nok nok? Veninna mi seier eg er besatt, og ho har rett. Eg har jo ein familie å ta vare på og. Og familien min er det beste eg har :)

 

Som sagt: Eg trengde å "tømme meg for ord". Mannen veit ikkje heilt korleis han skal hjelpe meg, men holder rundt meg og trøstar meg. Men han forstår det ikkje heilt. Igår kjøpte han ein brødbakemaskin til meg, noko eg har ønska meg lenge. Det er så søtt. Det er hans måte å seie at han er glad i meg. Men det er vanskeleg å snakke med han om det, fordi han ikkje var med. Er det ein ting eg hadde ønska så var det at han fekk sjå Lille gull og.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

itb

Herlighet! Kondolerer. Jeg har tenkt at hvor ikke kan det være å miste et forster som er så lite, men aldri mer! Alt det du måtte gjennom! Bra du har en god familie rundt deg. Ord blir så fattige.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Merethe ♂ ♀ ♂ ♀

Forferdelig, så sterk du er! En god klem.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anonym bruker

Kondolerer... ord blir fattige når man leser historien din. Jeg har ikke mistet selv, men vært sykepleier i så altfor mange lignende situasjoner. Tror derfor jeg kan forstå litt av hvor vondt du har det. Kan bare oppfordre deg til å snakke om det du har opplevd til alle som vil høre. Det er god terapi for deg, og det vil hjelpe deg videre. Jeg håper du får det barnet du ønsker deg så inderlig. Man elsker ikke de man har mindre, fordi om man ønsker seg et til! Sender deg en varm klem...

Husk; små føtter setter også dype spor, du har lov til å sørge...

 

Anonym poster: c93353aa3905652ece8a3dc85325a457

Share this post


Link to post
Share on other sites
Barbarella og froskebarna

Kjære, kjære Helixxx, jeg er så utrolig lei meg for at dette skjedde. Tårene triller, ord blir fattige.

 

Stor og god klem. Be om samtaler med en psykolog, dette kan du ikke gå gjennom alene!!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anonym bruker

Huff, så forferdelig! Sitter her og griner... Er selv uke 14 i dag og har mistet to ganger det siste halve året. Jeg har imidlertid mistet så tidlig i graviditetene. Tenk om jeg skulle ha mistet NÅ? Huff, kan ikke sette meg inn i hvordan du har det nå. Særlig i tillegg til forhistorien din og følelsene til mannen (samt "besettelsen"). Jeg har alltid ønsket meg tre eller flere barn, men har nå fått beskjed fra mannen om at han ikke blir med på en tredje runde (er gravid med nr 2 nå). Grunnen er senskader jeg har etter kreftbehandling og graviditetene er en alt for stor belastning for de organene som er skadet. Jeg skal holde ut dette svangerskapet, og så skal vi prøve å bli enten fosterforeldre/avlastningsforeldre. Håpet er at dette kan føre til at savnet etter en tredje egenproduserte baby kan reduseres... Sender deg en god klem og så håper jeg du får god hjelp og støtte fremover! PS! Den englesykepleieren hørtes virkelig ut som en engel! Godt det finnes slike i helsevesenet!!!

 

Anonym poster: 131b2631b64bcb5c5430062d7dcda1c0

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

lioness*

Kjære deg, jeg har lest historien din med øynene breddfulle av tårer her jeg sitter på kontorplassen min. Dette skulle jo ikke skje.

 

Jeg håper dere får svar på hvorfor dere måtte miste babyen, at det i det minste finnes en eller annen årsak som dere kan lene dere på. Også håper jeg at du blir tatt veldig, veldig godt hånd om i både dager og uker fremover. Det er en sorg for hele familien, men du har stått i det med kropp og sjel i flere måneder nå. Du må jo være helt utslitt, bruk tid på å komme deg så blir det forhåpentligvis litt lysere med tiden.

 

Tenker på deg.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anonym bruker

Ord blir fattige..

Sender deg enorm klem..

 

Anonym poster: 539d00688f89f8fd200aff6e3df60811

Share this post


Link to post
Share on other sites
LillaGorilla♥♥

Du har all min sympati- for et år siden var jeg gjennom akkurat det samme..

Klem.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Håpefull77

Så utrolig trist. Jeg gråter her jeg sitter.

Ta vare på deg selv og ta vare på familien din.

Håper dere etter hvert får noen svar.

Share this post


Link to post
Share on other sites
babyloveisagirl :)

vet helt og fult hvordan su har det for ett år siden mistet jeg mitt barn slikt som du,men jeg fikk ikke se d....i julen nå mistet jeg en tvilling og nå for en månde siden mistet jeg tvilling nr to....sliter enormt.d er sårt og tomt..ser på tvillingmagen som e her ennda på meg.d var ikke en planlagt graviditet,men sårt er d uannsett.jeg vet av hele mitt hjerte etter å ha tenkt på dette siden jeg mistet dn siste tvillingen,at jeg vil ha ett nytt barn,en gang i fremtiden....kanskje d er gal tenking,men tror også d kan være en terapi og til hjelp.stå på videre,og husk...d er lovt til å gråte og vise følelser,og være lei seg...stooooor trøsteklem <3

Share this post


Link to post
Share on other sites
En til, please.

Kjære deg, for en usigelig trist historie. Leste det med tårer i øyene og klump i magen. Men det var godt å høre at du fikk så god omsorg underveis, sikkert en god begynnelse på en lang helingsprosess. Mistet selv i uke 14 og ble bare sendt hjem til familien, der jeg forskanset meg på badet og prøvde å gråte så stille jeg kunne for ikke at barna skulle høre noe, mens spiren på over 10 cm, som jeg ikke lenge før hadde sett frisk og uendelig fin på UL, forsvant ned i det mest uverdige stedet jeg kan forestille meg...kloakksystemet. Det var så fryktelig at jeg har ikke ord, og føler sånn med deg i ditt tap.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tante_Esel

uff... vet ikke hva jeg skal si...

 

sender en god klem!!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...