Anonym bruker Skrevet 16. januar 2013 #1 Skrevet 16. januar 2013 Barnet vårt er blitt ein skikkelig mammadalt. Eg synes så synd på far, for han gjer så godt han kan heile tida, for å ha best mogleg relasjon til barnet vårt. Barnet avviser far ofte. Seier at ho ikkje vil pappa skal komme heim, når ho fortel ting frå barnehagen, seier ho at han må halde seg for øyro, fordi ho berre snakkar til mamma. Ho har til og med sagt at ho ikkje er glad i han. Det er ikkje slik heile tida. Men ho føretrekk meg når det skal lesast ei bok, leikast med klossar eller når me skal kle på oss for å gå i barnehagen. Eg er student, og har mykje meir tid saman med barnet enn far, som er i full jobb (og vel så det). Eg funderer i om ho kan vere sjalu, sidan ho har min fulle merksemd når me er heime saman, og sidan ho må dele merksemda med han når han er heime. Ellers jobbar han jo ein del, og eg er redd for at ho kjenner seg avvist av han av denne grunn. Sjølv om han er veldig flink til å vere saman med henne når han er heime, då tar han lett fram bøker, klossar eller forslag om å gå ut å leike. Kva skal ein gjere? Er dette noko som vil gå forbi av seg sjølv? Er det normalt? Anonym poster: 38829fa3c081334c0cd40b34cabc42df
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå