Anonym bruker Skrevet 28. mars 2012 #1 Skrevet 28. mars 2012 Sikkert blitt spurt om ein million gangar før, men plutseleg så sit ein og er usikker sjølv... Har ca 30min reise til sjukehuset (så er ikkje veldig langt akkurat). Greia er at eg har ikkje vonde rier....Eg har rier, men dei verker ikkje. Forrige fødsel hadde eg det på akkurat same måten, dei er ubehagelege og småvonde, men ikkje sånn som ein ser på film/tv:P Klarar fint å fungere, men vil helst stå i ro/ikkje gjere noke når dei står på. Forrige fødsel var riene slik fram til det var 6-8cm opning, deretter vart dei vondare. Gikk med slike rier frå kl.9morningen, var på sjukehuset i 5tida og vart då lagt inn med 3-4cm opning. Mellom 7 og 9 på kvelden vart riene vondare(hadde jo gradvis bygd seg opp, men ikkje mykje å skryte av). No går eg altså med slike rier igjen, og er veldig usikker på når vi bør kontakte sjukehuset....? Det blir jo sagt at ting går kjappare ved 2.gangs fødsel. (fikk første taka i 4-halv5 tida).
Anonym bruker Skrevet 28. mars 2012 #2 Skrevet 28. mars 2012 Kan kanskje legge til at eg er over termin;) -HI
anonym91 Skrevet 28. mars 2012 #3 Skrevet 28. mars 2012 ville ringt inn og snakka med di. hadde venta lenger med nr 1 men med nr 2 kan det jo gå fort. og greit og slippe og reise inn på natta
Anonym bruker Skrevet 28. mars 2012 #4 Skrevet 28. mars 2012 ville ringt inn og snakka med di. hadde venta lenger med nr 1 men med nr 2 kan det jo gå fort. og greit og slippe og reise inn på natta Tak for svar:) Ja,jo..ser jo den. Men eg likar ikkje å ringe, serleg ikkje til alt innanfor helsevesenet (er jo berre mentalt tull, men likavel:P). Hmm..trur eg skal vente til nr.1 har sovna (litt uenig i sovetidspunktet i dag). Så får eg vel ringe og høyre kva dei seier...er så redd for å virke "hypokonder", aller seier jo at du KJENNER når du har rier...føler meg så dum når dei ikkje gjer serleg vondt. Blir nok sikkert ein skjekk i kveld/natt ein gong uansett vil eg tru, må berre "manne meg opp" til å ringe... (er litt uregelmessige endå, så skadar nok sikkert ikkje å vente litt til). -HI
:) liris Skrevet 28. mars 2012 #5 Skrevet 28. mars 2012 Jeg hadde ringt, du kjenner din kropp og er du usikker er det grunn nok til å ringe. Det tar ikke dem lang tid å sjekke åpning å evt. sende deg hjem igjen Dette er jobben deres, og du har rett til å være egoist på deg selv og babyens vegne. Lykke til
Anonym bruker Skrevet 28. mars 2012 #6 Skrevet 28. mars 2012 [quote name= liris' timestamp='1332958996' post='144115339] Jeg hadde ringt, du kjenner din kropp og er du usikker er det grunn nok til å ringe. Det tar ikke dem lang tid å sjekke åpning å evt. sende deg hjem igjen Dette er jobben deres, og du har rett til å være egoist på deg selv og babyens vegne. Lykke til Takk for svar:) Skal ringe når alt er blitt roleg i huset(les: ungen). Svigermor skal vere barnevakt når ting skjer, og ho er hos ei veninne no(som ho ikkje ser så ofte), så tenkte å drøye litt før vi ringer sjukehuset og ho. Trur ikkje det er noko som hastar heilt endå egentleg, og håpar magefølelsen hjelper meg, slik at det ikkje plutseleg hastar:P (Rier på ca 1min+. Pause på 3-4min, med litt variasjonar). Har tatt sjukehusbagen ut i gangen og er nesten ferdig med å ha oppi siste småtinga...gledar meg!! -HI
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå