Gå til innhold

Komandre fedrar bør unngå alkohol


Anonym bruker

Anbefalte innlegg

Kan komande fedrar drikke seg fulle utan at det får konsekvensar for barnet som skal bli til? Nyare forsking tyder på at også menn bør halde seg unna alkohol.

 

"Også menn bør halde seg unna alkohol dersom dei planlegg å bli far", seier overlege Egil Nordlie ved Borgestadklinikken.

I dag er dei aller fleste kjent med at kvinner bør halde seg langt unna alkohol når dei ventar barn. Men nyare forsking tyder på at også menn bør ha eit bevisst forhold til rusmiddelet i samband med graviditet.

 

Sjølv om det per i dag ikkje finst veldig mykje forsking på feltet, er det ein veit nok til at folk bør ta det på alvor, meiner den erfarne overlegen.

"Det vi veit er at risikoen for spontanabort er like stor, eller minst like stor, dersom far har drukke alkohol i samband med befruktning, som når mor har gjort det", seier Nordlie.

 

I tillegg vil alkoholen påverke kva sædceller som når fram til egget inne i kvinna. Dette skuldast at sædveska blir alkoholisert, forklarar overlegen.

"Normalt sett så skal dei beste, mest sunne og friske sædcellene når fram til egget først. Dersom sædveska er alkoholisert vil det kunne føre til at dei nest beste eller tredje beste når fram til egget, og det vil seie at individet kan få følgjeskadar eller skavankar av det", seier Nordlie.

 

http://www.nrk.no/helse-forbruk-og-livsstil/1.7993664

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...