Gå til innhold

Smaliv, kor mykje skal ein tole..? *laaangt!*


Anbefalte innlegg

Skrevet

Vil ha litt råd og meiningar om ting. Veit ikkje om eg klarar meir av eit slikt forhold..*sukk*

Derfor skriv eg no ned "livshistoria" mi, og håpar noken kan hjelpe meg å sette perspektiv på ting. Namna vil bli endra (enklare enn å bruke: meg, han unge nr1 osv. heile tida)

 

Eg er fødd og oppvoksa på ein liten stad, der jenter og gutar omgår kvarandre utan å stille nokon spørsmål til det. Eg har mange gutevener frå oppveksten, fordi det var ikkje så mange alternativ, og vi trivdest godt.

Som 16åring flytta eg heimafrå, først eit år på hybel, etterfulgt av eit år på internatskule og så eit år på internatskule ein anna stad. På dette andre internatet eg budde på var det eg møtte Krister. Han kom frå by, i ein heilt anna del av landet og ein heilt anna "kultur" enn eg. Vi vart fort eit par (skulestart i august, vart saman i september). Eg var på den tid 18år, han var 19.

Ting gikk veldig greit, vi hang i lag med våre venar, eller saman med kvarandres vener. Vi prata mykje om alt muleg, fortid, notid og framtid. Begge ville vi ha store familiar og var veldig tilhengarar av kjernefamilien.

Det vart juleferie, og han fortalte heime at han hadde fått seg kjærast, eg hadde fortalt det heime tidlegare.

Etter nyttår skulle han kome heim til meg på besøk nokre dagar før vi i lag skulle returnere til skulen. Det var truleg under det besøket at p-pillen svikta, i allefall kunne vi i februar konstatere at eg var gravid. Kva no?

Han var veldig støttande, han var klar på at det passa dårleg (det tykte vi i grunn begge, sjølv om eg hadde lyst på barn). Men abort var i grunn ikkje aktuelt for nokon av oss. Det var ein tung periode, med mykje att og fram ang babyen. Det å fortelle om graviditeten til nokon på skulen var for han heilt uaktuelt.

Sommaren kom og skulen var ferdig. Vi flytta til heimstaden min for å bu der i siste delen av svangerskapet og fram til permisjonstida var over (til skulestart året etter). På hausten fekk vi ein nydeleg liten gut: Jakob, som eg elskar over alt!

Tida gikk, babystellet var det hovudsakeleg eg som tok meg av, han stilde opp når han fikk beskjed. Men hovudsakeleg var det mitt område, alt av nattevåk, mating, bleieskift osv. Det fungerte i grunnen greit.

På det året vi no hadde vore i lag hadde eg lært mykje om Krister, til tross for at han er ein inneslutta person som ikkje seier ting unødig, i motsetning til meg som er veldig utadvent og sosial. Eg likar godt å prate med folk.

Eg stussa over at han etter skuleslutt kutta all kontakt med kompisane sine derifrå (2stk han hang saman med konstand). Når eg spurde om dei så svarte han berre at dei var ikkje vener, kun klassekameratar. (?) jaja, tenkte eg.

Krister likar ikkje at eg omgås folk som ikkje har tilsvarande haldningar til ting som han har. Folk med "feil" verdiar og slik. I tilegg til at han har nokså uvanlege verdiar (veldig gamaldagse haldningar). Eg har ein bestekompis, eg pratar mykje med han, men ser han skjeldan. Denne kompisen har blitt meir og meir utelukka frå livet mitt etter at eg vart saman med Krister. For det første er han gut(kvifor skal jenter henge med gutar når dei har fast følge?) og for det andre så er han halvt asiat (kulturblanding og dårleg for samfunnet). Dette har vore veldig vanskeleg for meg, men kva gjer ein vel ikkje for å få familien til å fungere.

Sosiale samankomstar likar han ikkje, det er bortkasta tid og tompreik med uinteressante mennesker. Så det har det blitt lite av opp i gjennom. Vi krangla og var ein del uenige. Vil eg noko og spør om det passar, får eg eit kjøleg: "gjer som du vil" til svar, eg skjønnar jo kva det betyr.

Til tross for dette så har det gått relativt bra.

Året vi budde på heimstaden min gikk, og det var påtide å flytte tilbake på internatskulen, slik at eg skulle få gått siste året av vgs. Krister skulle skaffe seg jobb. (Vi er no 20 og 21år gamle). Det å bu på internat med ein liten unge kan vere utfordrande, med tanke på liten plass, sjølv om det gikk overaskande bra. Jakob fylde 1år og ting gikk no sin gang. Krister fikk seg ikkje jobb dei første månadane, men trass i det var det stort sett eg som måtte ta meg at barnestellet, barnehagetilvenning og henting/levering, samt bleieskift, nattmating og leggerutinar. Det var litt frustrerande å gjere alt når eg hadde skulen og tenke på, og Krister uansett var arbeidsledig(han vart litt nedstemt av å ikkje gjere noko). Men også dette gikk.

Vi hadde babycall med lang rekkevidde, så om kveldane kunne ein vere utanfor romet og delta på andre aktivitetar om vi ønskte det. Krister vart som regel sittande på romet (både før og etter han fikk jobb), eg var gjerne i tvstova, dit ville han skjeldan vere med. Då vart dataen prioritert.

Det er som regelt alltid slik at eg føler meg vekkprioritert og uelska. Krister er ikkje typen til å gi komplimang eller gi positive komentarar (seier ikkje ting unødig), ikkje likar han "kliss" heller. Så å vise følelsar offentleg er uaktuelt(kanskje eit lite kyss om vi reiser frå kvarandre). Han har heller ikkje same behovet som meg når det kjem til nærkontakt. Å gi ein klem uoppfordra på dagtid fell han rett og slett ikkje inn(med mindre eg ber han om det)

No som Jakob var over 1år og menssyklusane mine var normale igjen, begynte eg å lufte tanken om søsken, hadde førstegang tatt opp saka då Jakob var 6mnd, (vi hadde jo tidlegare prata om stor familie med nokenlunde tette barn, i allefall to og to tette). For meg er det viktig at Jabob fikk søsken som ikkje var alt for langt unna i alder. Dette var heeeilt uaktuelt. Etter kvart gav han meg datoar for prøving, men kvar gong vart det endra, til min store skuffelse og fortviling. Sa til han at meinte han nei, så fikk han seie nei. Mykje krangling om alt og ingenting. Følelsane mine kjølna endå meir (hadde gradvis blitt mindre og mindre frå Jakob vart fødd).

Tida går, og det blir vår. Eg deltar på eit ungdomstreff som var arrangert nær skulen, og der møter eg ein heilt fantastisk fyr, Andreas, eg blir håplaust forelska og han verkar interessert han og, sjølv om eg hadde ein gut på 1,5år. Det ender opp med at eg og Andreast blir sittande å prate heile natta fram til kl. 5, men det skjer ikkje noko anna enn litt nærkontakt (klemming, holde handa og ein nuss på kinnet). Mot all fornuft held eg kontakta med Andreas i smug(via tlf). Forholdet mellom meg og Krister kjølnar endå meir, det blir nokså kaldt. Og vi kranglar minst like mykje som før.

Etter kvart bli kontakta avslørt, og det blir ein del krangling. Vi bestemmer oss for å prøve å fikse forholdet, og eg lovar å bryte kontakta med Andreas. Dette fungerar ei lita stund, før vi nok ein gong held kontakt. Etter nokre veker til med kontakt i smug, vart det nok ein gong avslørt. Det er no blitt sommarferie og vi er på heimstaden min. Denne gongen sat vi oss ned og prata mykje, konklusjonen er at vi bør gå i frå kvarandre, då eg ikkje har følelsar for Krister meir. Kvelden kjem og vi skal legge oss, nok ein gong pratar vi om alt som har skjedd, og eg får dårleg samvit (noko eg lett får, då eg hatar å såre andre) og går med på å prøve ein gong til på å få forholdet på rett kjøl, for Jakob sin del. All kontakt med Andreas blir brutt, men tankane om han blir hengande i. Etter den episoden her slutta Krister å stole på meg(forståeleg nok). Han er alltid skeptisk til ting eg skal, sjølv om han prøvar å skjule det så merkar eg det veldig godt. Eg får inga støtte i ting eg engasjerar meg i, kun kritiske spørmål og negativ haldning.

Tida går, og eg kan merke litt bedring. Det er tydeleg at Krister prøvar, sjølv om resultatet ikkje alltid var like bra. Desverre er det kortvarig, og han går for tilbake til det vanlege. Prat om søsken pågår med jamne mellomrom, men blir alltid avvist. Så eg gir han beskjed om å seie frå når han ville ha ein til.

Hausten kjem, og Krister skal til heimstaden sin for å gå eit siste år med skule, eg skal bu på min heimstad og jobbe(reiseavstand på 8-10timar). Så periodvis var eg der, og han hos meg i feriane. Jakob fyller 2, vi er 21 og 22år gamler. Ting går greit, men eg merkar ein lettelse av å vere aleine. Å kunne vere MEG igjen; møte vener, invitere folk på besøk, reise på sosiale arrangement. Samtidig likar eg ikkje å vere aleine, så eg lengta jo etter Krister når vi var i frå kvarandre. Det er ikkje kjekt å legge seg aleine. Året går og tida nermar seg til at vi skal flytte saman igjen. Etter som dagane går, blir eg meir og meir nedstemt med tanke på å flytte saman med Krister. Eg vil rett og slett ikkje. Eg er glad i han, men orkar ikkje tanken på å bu i lag med han.

Veka før han skal kome til meg har eg i grunn bestemt meg for å gjere det slutt, det ville bli ein "enkel" overgang, med tanke på at Jakob var van med at faren var lenge vekke. Mottakelsen Krister får frå mi sida når han kom var nokså kjøleg, eg var litt redd og lei meg, men mest engsteleg. Ville eg klare å såre han denne gongen? Vi går ein tur og set oss ned og pratar, han fortel litt om sitt syn på ting og eg får ei form for forståing for korleis han er. Vi pratar om forholdet og om framtida, og det heile endar med at ikkje seier noko om tankane eg hadde gjort meg. Så vi fokuserar nok ein gong på å sjå positivt framover.

Vi blir 22 og 23år gamle. Vekene går, og Krister gir beskjed om at han no går med på ein unge til. Eg vart så lykkeleg og tenker "endeleg!!" (hadde då venta i over 2år på at han skulle bli klar). Spiren sat på første forsøk, og kunne ikkje vore meir fornøgd! Eller, kunne eg..? Når eg kjem med testen er det ei likegyldig "javel" eg får som respons. Og etter som tida går blir han meir og meir likegyldig og negativ til det heile. Eg begynner å tenke på alternativa, skulle eg drepe mitt eige etterlengta barn? Nei, det var uaktuelt. Eg vil at Jakob skal få søsken(heilsøsken) som ikkje er for mykje yngre enn han, og no var Jakob nesten 3år.

Vi flyttar til ein stad eg aldri ville valgt sjølv(misstrivst), fordi Krister skal gå på høgskule. Vekene går, kontroll hos jordmor, passerte 12veker, ultralyd...like lite engasjement frå Krister:(

Han klaga over at han måtte ta seg fri for å vere med på UL, han seier ting som "så feit du er blitt", og at einaste grunnen til at han gjor meg gravid var for at Jakob skulle få noken å leike med, slik at han slapp å gjere det. Når eg spør om namn til babyen svarar han "svindyr" eller "pengesluk".

Eg er utruleg glad i babyen i magen, men har problem med å vise det utad, pga haldningane til Krister.

Og når det er så ille her no, korleis vil det då bli med endå ein unge i hus?:(

Er rett og slett oppgitt, lei, frustrert og fortvila. Eg vil gjere det beste for familien, men kva er beste utvegen frå noko sånt? Er ein fullstendig familie det beste? Sjølv når mor misstrivst, har lite følelsar for far og der er mykje krangling?

Eg har jo følelsar for Krister, vi har tross alt eit(to)barn saman. Men det er ikkje dei rette følelsane. Han er meir ein kollega eller person ein skal samarbeide med, ikkje noko meir.

 

Har så lyst å berre reise frå det heile, ta med Jakob og flytte heim. Få tilbake livet mitt, venene mine!

Men samvittigheita mi tillet det ikkje.

Grunnar som talar i mot: Eg har eit godt forhold til svigerfamilien min. Vi har husleigekontrakt fram til sommaren som ikkje kan seiast opp(dyrt for ein aleine). Jakob bør få vere med far sin. Det er ein 5mnd gammal baby i magen min. Vi har felles bil (Krister betalte, står i mitt namn). Eg blir nødt til å såre Krister. Haldningane krister har til ting gjer at han ikkje kjem til å ha høge tankar om meg igjen, dersom det blir brudd.

 

Eg maktar det ikkje...verken det eine eller andre! Og så er det håplaust å prate med han! Det er som å prate med ein vegg. Eg orkar ikkje å bu saman med nokon eg må drage kvar ord ut av. Han er ein god far, han er der og gjer ting saman med Jakob. Vi har eit godt sexliv. Men eg føler at det ikkje er nok. Er eg urimeleg og stiller for høge krav?

Heilt sidan første gong vi fikk vite at eg var gravid har Krister sagt: "det kjem ikkje til å funke!" Det er ei haldning som har hengt i meg. Vi har jo fått det til så langt, men kor mykje lengre?

 

Om 5år skal eg ta over familiebedrifta heime, Krister er innstilt på det, men verkar ofte litt kjøleg til det. Eg skjønnar ikkje kvar han vil! Og eg forstår ikkje kva eg må gjere for å få han til å stole på meg. Ein kan ikkje bygge ein familie uten å kunne stole på kvarandre. *sukk*

 

Beklagar at teksten vart så ufatteleg lang, men eg håpar nokon har mulegheit til å hjelpe meg med å sortere tankane. Eg har ingen vener å dele dei med, då eg ikkje får ha noko serleg kontakt med dei (og i allefall ikkje prate om Krister eller privatlivet vårt).

 

 

Beate

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Huff, høres ikke ut som du har det greit! Man skal ikke holde sammen for enhver pris. Jeg hadde reist hjem til der hvor jeg hadde familie og venner som kan stille opp for meg. Det blir nok veldig tøft å ha to unger alene, men vil tro det er bedre enn å leve sånn som du gjør nå! Har du satt deg ned å snakket med ham? Prøvd å finn eut hvorfor han oppfører seh som han gjør? Evt prøve parterapi på familievernkontoret?

Skrevet

Takk for svar!

Er det eg har mest lyst til å gjere, men kvir meg til det heile..:( Er ikkje i tvil om at eg vil få den hjelp og støtta eg treng frå familie og vener, men kvir meg til å sjå korleis det vil gå med Krister. Og samarbeidet oss i mellom framover.

 

Har så lyst å få ting til å funke! Men tvilar på at han kjem til å endre seg noko serleg..

Perterapi er nok uaktuelt, han vil ikkje ha folk utaom inn i privatlivet. Trur ein del av grunnen til at han er sånn er dei holdningane han har i livet og det at han har dårleg sjølvtillitt. Stolar ikkje på folk, synest aldri han strekker til. Han er veldig missnøgd med seg sjølv(både utsjåandsmessig og kvalitetsmessig, sjølv om prøvar å få han til å forstå at han ikkje har nokon grunn til det).

 

 

 

Beate

Skrevet

For meg høres det ut som du har tålt for mye allerede, en blir så innamri sliten av å ha det slik.

Det høres ut som mannen din har et sett verdier som han krever at du følger, men tar jeg feil når jeg tror at det ikke er dine verdier?

 

Det er faktisk bare du som kan gjøre endringer her, mannen din er jo veldig tydelig på hvordan han vil ha det. Jeg vet ikke om du har vært like fast på dine verdier? For hver gang du føyer deg etter hans syn på hvordan ting skal være, kommer du lenger bort fra deg selv, tror jeg.

 

så etter mitt syn, så har du to valg:

Fortsette slik du har gjort.

 

Eller begynne å leve etter dine egne verdier, og ta alle de konfrontasjonene som kommer.

 

Om du velger det siste, så vil dere sansynligvis se mye klarere om dere ønsker/klarer å fortsette samlivet, eller om dere står for langt fra hverandre til å skape et trygt og stabilt hjem for dere selv og barna deres.

Skrevet

Helt tydelig at dere har vokst fra hverandre.

Du forteller mye om hva du føler, men vet han hva du føler? Dialog er jo nøkkelen til alt.

Og vet du hva han føler? Dere trenger iallefall å snakke sammen og ha felles mål.

 

Jeg personlig hadde nok ikke tatt en avgjørelse nå. Du er gravid og hele livet deres vil forandres snart uansett. Om det blir bedre eller verre vil tiden vise.

 

Det går fint ann å flytte hjem med to barn og leve et nytt liv alene. Men ville nok ventet med den endelige avgjørelsen til etter barnet blir født. Bruk denne tiden til å legge en plan - om du flytter.

Og husk i hverdagen å ha det kjekt sammen, le sammen og gjør noe spontant. Min mann er ikke den som finner på ting, det må jeg gjørre selv, og så må jeg nærmest dra han med meg. Men det er verdt det:)

 

Lykke til!

Skrevet

.Ann.

Takk for svar!

Du har rett i det at han ikkje kjem til å rikke på sine verdiar. Nokre av dei delar eg, men på langt nær alle. Mange av verdiane hans er eg einige i i prinsippet, men i praksis er det fleire faktorar som spelar einn for meg. Det byr på problem.

Eg har nok ikkje vore flink å halde på mine verdiar nei, for på den tid vi vart saman(eg var kun 18år) var eg ikkje sikker på kva verdiar eg hadde og ville ha(kom meg ut av eit litt uheldig miljø nokre år tidlegare). Då vart det til at eg har prøvd å lære meg til has verdiar (med varierande hell).

Mykje har jo endra seg sidan den gong, eg er blitt meir vaksa og fått ting på avstand. Noko som har ført til at eg har "funne igjen" mine grunnverdiar, og desse står nok ikkje heilt i samsvar med Krister sine.

 

Eg får prøve å bli flinkare å følge mine verdiar, men når ein er så sliten av alt (samt gravid og hormonell), så kan det nok bli tøft..

 

 

Beate

Skrevet

For meg høres det ut som du har valgt feil mann fra først stund. Du forsøker å klamre deg til en mann du ikke har noe særlig følelser, og du "tvinger" på han et barn til når han egentlig ikke vil. Allikevel forventer du at han skal være fra seg av begeistring over graviditeten.

Skrevet

Anonym 15:07

Takk for svar!

 

Som nemnt over, så er det litt som å snakke med ein vegg.

Men vi pleier å prate litt om ting på sengekanten. Då fortel eg kva det gjer med meg når han kjem med div komentarar, og eg fortel om korleis det påverkar følelsane mine for han. Han veit og at forholdet vårt han i ein tynn tråd i sommar, men at det bedra seg litt.

Heilt kva han føler for meg veit eg ikkje, han seier han er glad i meg, men han overbeviser meg i grunn ikkje.. Noko eg har sagt til han.

Eg seier at eg ikkje føler at han set pris på meg. Han kan godt kjøpe ting til meg, men ikkje dele mine synspunkt. :(

 

Ofte når vi snakka om følelsar, så sit eg igjen med ein følelse av å vere den som pressar han til ting (barn, flytting, aktivitetar osv).

 

Sikkert lurt å vente til ungen er fødd med å bestemme seg, men eg likar ikkje tanken på å føde ein unge under "utrygge" omgivelsar.

Dessutan vil eg tru det er lettare å flytte med ein unge og flyttelass, enn med to? Dessuten fryktar eg at dårleg situasjon no kan gje dårlege utslag i forhold til babyen (deprisjon hos meg, uroleg unge). Merkar jo at eg er meir hissig enn ellers, men trur ikkje det er kun hormona.

 

Eg får ta ein dag av gongen. Krister har vore vekke ei veks tid no, og kjem igjen i morgon. Blir vel å sjå ann og prate om ting i veka som kjem.

Men det er lettare å få perspektiv på ting når han ikkje er her, føler eg blir "manipulert" når han er tilstades, og då er det vanskelegare å ta opp ting.

 

 

Beate

Skrevet

Jeg tror kanskje jeg forstår litt hvordan du har det.

Jeg var i et lignende forhold i mange år, og kjenner meg også igjen i forhistorien, ung, usikker, og det å møte en mann som virker mer sikker i sine verdier en det jeg var.

Jeg mener jo ikke at du skal gjøre alt "over natta", jeg forstår du er sliten, spesielt nå som du er gravid, og jeg håper du kan hvile litt oppi det hele, og ikke være så alt for "streng" med deg selv akkurat nå.

Men jeg tror det vil være bra for deg å ta noen små steg mot det som er deg.

 

Klem :)

 

 

Skrevet

Anonym 15:22

Takk for svar!

Muleg at eg har valgt feil, er ikkje fyrste gongen dårlege val har blitt gjort frå mi side i såfall..:/

 

Eg var veldig påpasseleg med å seie til han at eg ønskte meg fleire barn, men ikkje dersom han ikkje ville.

Han måtte VILLE, for eg ville ikkje presse nokon på han.

Forventar i grunn ikkje at han skal vere frå seg av begeistring, men eg forventar at han skal ha såpass respekt for meg, babyen og dei vala han gjor, til at han behandlar graviditeten på ein ok måte. Og eg synest ikkje det er ok når han f.eks. kallar meg feit, og konstant (uten unntak) omtalar ungen som ei utgift, for slikt sårar skikkeleg.

 

 

Beate

Skrevet

Du treng ikkje ta det heile og fulle valet nå, du kan reise heim eller på ferie ein periode av graviditeten, og koma tilbake til Krister igjen etterpå.

Ein slik periode vil fortelja deg ein del ting, savnar du han og savnar han deg?

Har du verkeleg så mange gode venner heime som du trur?

 

Det kan verka som de har gått oppå kvarandre i mange år, utan å ha fått tid til å savna kvarandre nokon gong.

Men dette med tillit er også eit problem, du kjenner at han er ein pessimistisk person, mens han kjenner at du er upåliteleg.

 

 

 

Skrevet

Kort oppsummert: Du er veldig ung og du er samboer med en som bedriver psykisk mishandling ("så feit du er blitt"?!?), ikke bryr seg om barnet sitt, formidler verdier som at kulturer bør holdes atskilt og har en bråte tegn på at han behøver psykologhjelp.

 

Dette forholdet kommer aldri i verden til å holde over tid, og det høres ikke ut som det er særlig gode grunner til at det burde det heller.

 

Da kan du jo like gjerne dra nå.

Skrevet

Signerer pila. Det at han kaller ungen for pengesluker og kaller deg for feit hadde jeg aldri akseptert.

Skrevet

Selvfølgelig er det ikke greit at han kaller deg feit eller at han kaller ungen for et pengesluk.

 

Du sier du har vært påpasselig med å si til han at du så gjerne vil ha flere barn, men kun hvis han også ønsker......

Det spørs jo hvordan du har formidlet dette da....Slik du skriver i hovedinnlegget høres det ut som om du har "gnålt" om å bli gravid igjen siden førstemann fortsatt var et spedbarn

Skrevet

->>-

Takk for svar!

Kanskje du har rett. Men eg vil helst ikkje konkludere for fort, sidan det tross alt kun er mi side som kjem til utrykk her.

Eg får sjå ting an litt når han kjem heim i morgon, prate litt meir med han og prøve å sjå om der finns håp om noka endring. Viss ikkje så er det muleg eg blir igjenn heime når jula er slutt (skal feire den hos mine foreldre i år).

 

 

Beate

Skrevet

Anonym 15:57

Takk for svar!

 

Nei, treng ikkje å haste meg ut i noko bestemmelse endå.

Men når det kjem til det med å få distanse, så hadde vi det i heile fjor. Det var litt tungt i starten, sakna han litt då. Men etter kvart gikk det opp for meg at det ikkje var han eg sakna, kun det å ha nokon ved sida av meg i senga, nokon å ligge inntil, kjenne varmen i frå.. Var overgongen som gav saknet, ikkje at han var vekk i kvardagen.

 

Heime har eg det som trengst av vener og naboar som kan ta i eit tak. Kjem frå ein liten plass der ein er flinke å ta vare på kvarandre. Så akkurat det er ikkje noko eg fryktar.

 

Vi har gjerne gått litt oppå kvarandre, men om det kun er det som er problemet, så brude vel det løyst seg då vi budde i frå kvarandre?

Skrevet

Jeg er rimelig overbevist om at jeg har rett, om det du skriver i hovedinnlegget stemmer.

 

"Han klaga over at han måtte ta seg fri for å vere med på UL, han seier ting som "så feit du er blitt", og at einaste grunnen til at han gjor meg gravid var for at Jakob skulle få noken å leike med, slik at han slapp å gjere det. Når eg spør om namn til babyen svarar han "svindyr" eller "pengesluk". "

 

Les hva du selv skriver. Du har ansvaret for ett, snart to barn. Den du beskriver er ingen god far, uavhengig av om han kan leke med ungen sin.

 

Dersom du velger å bli bør et minimumskrav være at han blir med på samlivsterapi.

Skrevet

Drar du nå, så stiller han svakere om han forlanger 50-50.. Da har han lite å forlange. Dra før babyen er født.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...