Ranveig R Skrevet 20. april 2011 #1 Skrevet 20. april 2011 Her har det av ein eller annan merkeleg grunn gått bra den siste veka. Eg hadde ein forsinka bursdagsfeiringsmiddag søndag kveld og åt pinnekjøt. Mykje pinnekjøt. Og drakk sikkert 3 liter vatn/brus. Sjokolademousse til dessert, og kaldt pinnekjøt til nattmat Mandag morgon var eg 3 kg tyngre enn dagen før... Men så har eg brukt dei to siste dagane til å tisse, heilt fascinerande det der! Start januar '10: 109,8 Januar 2011: 97,2 Forrige veke: 93,5 I dag: 92,5 Ned: 1 kg Eg var og trente på søndag, ei skikkeleg god økt. Har framleis gangsperr i rompa Og i går hadde eg min første (og nesten garantert siste) spinningtime. Du snakkar om slit! Då instruktøren fortalte at "Dette e siste sang. Dette blir DET SISTE dåkkar gjør!", så føltes det akkurat sånn. Det var noko tull med treningsregistreringa på senteret i går, så eg anar ikkje kor mange kcal ein forbrenner på 40 min spinning, men det må jaggu vere eit høgt tal for at eg skal utsette meg sjølv for det igjen. Ellers så protesterar eg mot facebookknappen her inne med å kutte ut (nesten) heile greia. Eg har funne meg eit anna forum som eg har tenkt å prøve ut. Dei einaste eg kjem til å savne blir dåke. Eg tenker som så at eg kanskje stikk innom for å oppdatere ang "slankegjengen", med mindre dåke andre her er aktive på facebook og vi kan lage ei lukka gruppe der for oppdatering. Legg meg gjerne til som ven (Ranveig Rauø, det er berre ein av meg) og fortell meg kven du er, viss du vil fortsette der. Eg har mest lyst til å slette profilen min her, men kjem nok til å ha litt problem med å "let go" med dåke her inne. Likar berre ikkje at kven som helst, når som helst, veldig enkelt kan kringkaste alt eg skriv her inne utover facebook så alle eg kjenner kan lese det. Ikkje at eg skriv noko hemmeleg, men det føles likevel feil.
moota m storebror&lillebror Skrevet 24. april 2011 #2 Skrevet 24. april 2011 Jeg er egentlig med, men har begynt å jobbe litt og er både her og på dataen mindre (ja utenom nettopp facebook =P) Jeg har sånn sett nesten tatt fri i påsken, men er på gang igjen neste uke. Hadde jo et mål om 100 dager og de 100 dagene gikk ut 15.april. Det blir nye 100 dager til bursdagen min og da får jeg ta en ny vurdering av hvordan kroppen min ligger an. Veiedag blir tirsdag etter påske. Jeg legger deg gjerne til på fb for å fortsette der om det blir i en lukket gruppe eller som eg venn =)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå