Gå til innhold

Er det vanleg for barn å bli blå på leppene og hendene?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Lille (snart 3,5 år) blei det i dag. Skikkeleg blå på leppene, rundt munnen, på negler og hender.

 

Ringte legen og spurte og han ville sjekke ho. Han lytta nøye på ho og spurte om det hadde vore kramper eller om ho hadde mista bevisstheten eller f.eks. tissa seg ut. Ingen ting av dette skjedde, ho var egentlig heilt "normal" berre blå i ansiktet + kald og klam på hendene (varm på kroppen).

 

Legen fann ingen ting gale med verken hjarte eller lunger, hadde ingen god forklaring på kvifor dette skjedde, anna enn at ho kanskje fraus/hadde blitt veldig kald plutseleg.

 

Skikkeleg ekkelt å sjå den fargen på ho... Er det andre som har opplevd det same? Har det skjedd ofte? Gjer dåke noko spesielt i forhold til det?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Målte han oksygensaturasjon...? Har ho vært sjuk ellers?

 

Har ikkje opplevd det samme, men synst det hørtes litt skremmande ut ja. Og en fastlege er ingen hjartespesialist så om det skjer igjen ville eg ha bedt om ei henvisning!

Skrevet

Nei, det vart ikkje målt oksygenmetning. Men så var jenta og varm og fin i fargen igjen då vi kom til lege (45 min frå eg ringte til vi var der og så var det ein time på venterommet). Det tok vel mellom 30 og 45 min før fargen var normal, trur eg.

 

Ho har nyleg hatt lungebetennelse, men hadde vore feberfri i 10 døgn før dette skjedde i går (og var ferdig med penicillinkur 6 dagar før). Lungene høyrdes fine ut då legen lytta på ho.

 

Eg reagerte forresten på at ho var slapp og trøtt i går kveld, og sa ho ville legge seg ei stund før leggetid. Men ho har vore heilt normal i dag. Både eg og barnehagen kjem til å følge med, og gjentar det seg fleire gongar får eg vel gå tilbake til fastlegen og be om å bli henvist nokon plass.

 

Takk for svar!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...