Gå til innhold

Og slikt endte denne fødselsen.


HegeAE

Anbefalte innlegg

Med litt småvondt i rygg og mage + litt pannepine tok eg kontakt med føden (KK). Var da 1 dag over termin. Under heile svangerskapet har eg vert plaga med høgt blodtrykk, men ikkje ekstremt høgt. Men, fekk kome ned til KK for ein sjekk.

 

Det endte med at eg vart lagt inn og igangsatt dagen etterpå. Dette hadde eg ikkje venta, men hadde rekna med å bli heimsendt igjen. (Som tidlegere erfaringer.)

Men, pga av blodtrykket ville dei legge meg inn. Det var litt protein i urin og. Så eg hadde ein lett svangerskapsforgiftning. Det hadde eg med dei 2 andre og.

 

Vart satt igang fredagen med ballongkateter. Og sidan eg da hadde svangerskapsforgiftning, så vart eg ikkje sendt heimatt. Så neste natt begynte riene å kome. Så tidleg lørdagsmorgon datt ballongkateteret ut av seg sjølv. (Normalt skal ein da ha den inni seg i 24 timer, så lenge den da ikkje detter ut sjølv.)

 

Men, når den falt ut, så dabba riene av seg sjølv etter kvart. Fekk satt inn 2 modningspiller same dag. Riene begynte å ta seg opp igjen i løpet av kvelden.

 

Natt til søndag så begynte riene å bli vondere og hyppigere. Men, for lite til at eg vart sendt inn til føden. Så ein periode, så sov eg godt mellom riene, så personalet valgte å la meg sove etter avtale med føden i stadenfor å vekke meg. Riene tok seg oppover heile tida. Etter kvart begynte eg å kjenne press nedover og. Så kjente eg eit klikk nedantil. Kunne det vere fosterhinna som sprakk? Men, det kom ikkje noko fostervatn ut, før det var godt ei lita stund, men da kom vatnet og.

 

Da gjekk det 44 minutter til eg fekk kome meg inn på føden. Gjett om eg var glad for å kome inn på føden. For riene begynte å bli skikkeleg vonde no. Så eg såg fram til epidural. Hadde 4 cm med opning da eg vart sendt inn til føden frå obs.posten.

 

Anestesifolka kom ganske kjapt ja, og jobba iherdig mellom riene for å få satt periduralen. Den var litt vanskeleg å få satt skikkeleg, men den kom på plass. Så når epiduralen var kome på plass begynte pressriene med ein gang. Epidural måtte eg ha pga blodtrykket.

 

Det tok ikkje lang tid før den vetle guten var kome ut. Gjekk nokre minutter før dei sjekka kva kjønn det var. Far vart oppringt 30 min før fødselen endte. Da hadde eg 4 cm opning. Men, når epiduralen var satt inn, hadde eg 8 cm opning. Jordmora skjønte straks at denne fødselen kom til å gå kjapt. Så ho sendte bud på ei jordmor til.

Samboer var på vei nedover til KK (Over 1 times kjøring. da var kl 05.30) Eg klarte ikkje å ringe samboer sjølv midt i alle riene, så jordmor gjorde det.

 

Så søndag 6.mars kl 05.56 kom vetleguten ut. Sidan han nesten ikkje hadde noko pust, så sjekka dei ikkje kva kjønn det var. Men, frå fødeseng til stellebord så begynte skrike å kome. Ikkje noko kjekt å føde eit barn som ikkje har noko lyd i seg. Om han fekk ekstra oksygen eller ikkje hugsar eg ikkje, men eg veit at det vart sagt at det måtte han ha. Men, han begynte å skrike for fullt før han var kome bort til behandlingsbordet. Da sjekka dei først kjønnet, og det var ein gut. Har hatt gutefølelse heile svangerskapet, men denne gangen ville eg ikkje vite kva det var før han var født.

 

Eg valgte å vente til samboer var kome ned med å fortelle at han hadde fått ein gut. Så han gjekk glipp av heile fødselen. Eg hadde kun vert inne på føden 1 time før vetleguten var kome ut. Så når vatnet gjekk, så gjekk det ganske kjapt.

Så eg er ganske glad for at eg var på KK og ikkje skulle reise heimifrå. For tviler på at eg hadde klart å kome fram i tide.

 

Til tross for 3. gang med igangsetting, så må eg seie at denne fødselen var ein kjempefin opplevelse. Hadde knapt tid til å kjenne på pressriene som vonde. Syns forrige fødsel var vondere.

 

Normalt ender eg da opp med drypp både her og der, men den gang ei. Anestesifolka satte kun inn veflon, for dryppet rakk dei ikkje å sette før babyen var ute. Epiduralen virka litt, for det kjente det litt i føtene, men ikkje noko særleg mykje. Denne gangen låg eg på sida, og ikkje føtene opp i noko som helst.

 

Så det som redda smertene mest var varmepute i ryggen. (Med kokende vatn) + pusting gjennom riene. For det er mykje vondere å skrike seg gjennom riene. Jordmora var så fornøyd med meg at eg var flink til å puste. Denne gangen klarte eg å samarbeide med jordmora og utan problem.

 

Det var ein fin fødsel til tross for at far svar snytt for heile fødselen. Han rakk ikkje fram i tide. Og han syns det var heilt greit å vere heime om natta enn å måtte sitte i ein stol heile natta og.

 

No blir det ikkje fleire fødslar på meg. 3 får vere nok. Men, skulle eg ha født ein gang til, så hadde eg valgt vaginal fødsel i stadenfor keisersnitt. Første endte med keisersnitt. Nei, eg syns ikkje det var noko vondt i etterkant. Dei 2 siste med vanleg fødsel.

 

Til tross for ein kjapp fødsel denne gangen rivna eg nesten ikkje i det heile tatt, kun nokre få skrubbsår som dei og sydde. Sist gang var det meir eller mindre eit heilt broderi der nede.

 

Så no er det slutt. 3 velskapte barn, 2 jenter og 1 gut er heilt perfekt. Søstrene er kjempeglade i vetlebroren sin. :)

 

Lykke til alle andre som skal no føde i mars. HUGS..... Pust dere gjennom riene..... :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...