Gjest Skrevet 13. januar 2011 #1 Skrevet 13. januar 2011 Eg sit og lurer på om eg kanskje er på veg inn i ein eller annan form for svangerskapsdepresjon... Lat meg forsøkja å forklara: Då eg gjekk gravid med fyrstemann, gledde eg meg veldig heile svangerskapet, gledde meg over kvar dag eg oppdaga noko nytt med kroppen eller utviklinga til babyen i magen. Då jenta vart fødd derimot, har eg sett i ettertid at det fyrste halve året hadde eg fødselsdepresjon. Eg hadde mest lyst å isolere meg saman med den nye verdsborgaren. Dette gjekk heldigvis over då eg vart glad i jenta mi då ho bikka eit halvt år. Fram til då var ho berre noko som trong meg til å halda liv i seg på ein måte. Eg kosa og hadde stor beskyttelseskjensle og det var ikkje slik at eg ikkje ville ha ho, men eg følte at alle rundt meg var i vegen på ein måte. Som sagt gjekk dette heldigvis over. Då jenta var eitt år ca gjekk eg inn i depresjon pga kropp og vekt, men kom meg ut av denne ved å ta tak i meg sjølv. No er eg altså gravid på nytt, med ny mann. Og denne gongen er alt heilt annaleis... Ja, eg gler meg, men ikkje på same måte. Dagane går no berre. Pga ting som skjedde under førre fødsel har eg mest lyst å isolere meg frå omverda til baby er fødd. Eg vil ha minst mogleg folk involvert, eg grøsser når folk gratulerer meg, eg søv utruleg dårleg, og i dag har det gått så langt at eg LAUG for å sleppa å gå på jobb. Kva i svarte? Eg gjer jo ikkje slikt! Eg har nettopp fått ny jobb, i barnehage, og eg kjenner det er ei påkjenning. Eg har mest øyst til ikkje å gå på jobb, vera heima, ikkje møta nokon om dagen. Eg føler eg har plenty å ta meg til med med å ha overskot til å le litt med jenta mi når ho kjem heim frå barnehagen. Og stemninga mellom meg og gubben er merkeleg, eg har lyst å prata med han, men eg klarer det ikkje! Så eg ligg og grin meg i søvn utan at han veit det. Eg skubbar han frå meg når han tilnærmar seg meg... Off, eg veit det er eg som er grunnen til avstanden mellom oss, men eg føler meg heilt oppgitt over at det er EG som er grunnen... Då eg var til fyrste kontroll hjå legen på måndag, fekk me ul. Eg fekk totalt samanbrot, berre grein og grein, legen vart litt sjokkert over reaksjonen min då me fekk sjå babyen, og sambuaren stakar visste ikkje heilt kva han skulle gjera... Han vart jo så glad over å sjå mini, eg òg vart glad -det var jo heilt fantastisk, men at eg fekk heilt samanbrot var ikkje heilt med i planen. Vart så ille at eg ikkje fekk meg til å ta blodprøve ein gong for eg var heilt utafor... Og dagen på jobb var heilt forferdeleg... Eg veit ikkje kva eg skal gjera! Følest son eit utruleg nederlag å føla meg slik! Eg veit eg hadde hatt godt av kanskje ei veka fri, men nei... Då sit eg nok med så mykje dårleg samvit at eg ikkje får noko godt ut av det likevel... Off.... Har de nokre trøstande ord til meg? Vart litt langt dette her... Er forresten 12 veker i dag.... Litt tidleg med svangerskapsdepresjon no?
Gjest Skrevet 13. januar 2011 #2 Skrevet 13. januar 2011 ...og no fekk eg melding frå arbeidsgjevaren min om at eg må ha stadfesting frå legen om at jenta mi er sjuk i dag - som er min store løgn.... Faen, er det mogleg å villa seg inn i eit slikt nett? Eg sit berre og grin og skulle ynskja eg ikkje eksisterte.... Trur eg treng seriøst hjelp... Eg lyg aldri! Og no gjorde eg det utan å tenkja meg om? Faen... Beklagar språket.... Eg bannar ALDRI til vanleg heller...
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå