Gå til innhold

Du snakkar om kveld....


Anbefalte innlegg

Skrevet

I kveld skulle eg og besteveninna ut og kose oss. Har ein fast kafé der vi pleier å ete pizza og spele spel utover kvelden innimellom. Men i kveld blei det nedtur etter nedtur!

 

For det første var det nesten ingen folk der, så dei som driver kaféen kom etter kvart bort og sette seg med oss. For så vidt hyggeleg, men dette var VÅR kveld, og vi koste oss med spelet. No ville dei vere med, og vi måtte tilpasse oss til deira kunnskapsnivå og dårlege norsk. Kjedelig.

 

Då vi gjekk til parkeringshuset kosta parkeringa tre gongar meir enn den skulle. Irriterande, men ikkje noko vi fekk gjort noko med.

 

Vi kom ned med heisen og i trappeoppgangen låg veska mi, med alt innhaldet strødd utover. Litt på vakt gjekk vi inn på parkeringsplassen og fann bilen med knust rute og glasbitar over alt.

 

Opp til bakkeplan (ingen dekning 4 etasjar ned) og prøvde i 15 min å ringe politiet før vi kom gjennom. Fekk beskjed om å komme bort på politistasjonen for å levere anmeldelse. Holdt på der i ein drøy halvtime (veldig hyggelege folk forresten), og den eine politimannen blei med ut for å sikre det som eventuelt måtte vere av DNA-spor. Han hadde med ein bossekk som han hjelpte oss å teipe fast framfor den manglande ruta.

 

Heldigvis hadde eg ingen verdisaker liggande i bilen. Dei hadde tatt ein pose chips som låg i baksetet, men både cd-spelar og statoilkort låg igjen.

 

Og toppen på kransekaka; då eg sette på radioen på veg heim var det COUNTRY-timen på Radio Norge, og eg som hatar countrymusikk inderleg og av heile mitt hjarte...!

 

Så det var den kvelden. Litt meir spenning og irritasjon enn det eg hadde tenkt, men det kunne tross alt vore mykje verre.

 

No er det i alle fall leggetid, måtte sette meg og roe meg ned litt før eg kunne gå til sengs. Godt at det er min tur til å sove i morgon... Når eg står opp må eg fortelle alt saman til 5-åringen, tenker det blir spennande for han (eg tok bilete av politimannen som holdt på å sikre bevis til og med) :o)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Huff da, saa surt, spesielt det med bilen. Maa innroemme jeg alltid har syns P hus er litt ubehagelige, nettopp med tanke paa innbrudd etc.

 

Godt du ikke var alene da. saa faar en troeste seg med at det kun er materielle skader som kan fikses og som dekkes av forsikring forhaapentligvis?

Skrevet

Huff for en kveld du har hatt =O

 

Ja det var godt at du ikke var alene og at det bare var materielle skader.

 

Så får dere prøve å ha en ny kveld igjen snart, og da har dere nok å snakke om =)

 

Skrevet

Hehe, det er alltid "ein ny kveld med Hanne" :o)

 

Bilen skal få ny rute i morgon (dei kunne gjort det i dag, men eg trengte bilen på jobb), så då begynner ting å ordne seg.

 

Då vi gjorde rein bilen for glasbitar såg vi at dei har klipt av bilbeltet (sikkert for å få laus barnesetet for å lettare komme seg inn gjennom vindauget og fram til hanskerommet) og det var egentlig hakket verre enn vindauget... Så no er eg veldig glad for at eg nekta å kjøpe bil med 2-punktssele i midten :o) No sit nemlig eldste i midten og er veldig fornøgd med bra utsikt.

 

Skrevet

Forsikringa skal jo teorien dekke slikt, men det er 1500 i eigenandel på glasskader, og 4000 på andre skader.

 

Så vi tar nok ruta på glasskadeforsikringseigenandelen (<-- synest det blei eit flott ord) og betaler heller det klipte bilbeltet sjølv. Det kostar neppe over 4000.

 

Kjem gjerne til å parkere ein annan plass neste gong, eller i alle fall lenger oppe. Parkerer alltid på nederste plan fordi det ikkje er så fullt der, men når det betyr at folk kan bryte seg inn i bilane fordi ingen ser dei, er det kanskje bedre å stå trangt lenger oppe...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...