Gå til innhold

No er lille stor jente!


Anbefalte innlegg

Skrevet

I dag har ho flytta på nytt rom, med stor seng :o)

 

Vi hadde bursdagsbesøk for pappaen her i går (fylte 40 på onsdag), og etter middag og kake sette vi alle besteforeldra i sving og fekk bært ut resten av sakene mine (mitt gamle syrom skulle bli lille sitt soverom og omvendt), bestemødrene vaska golv og vindauge mens bestefedrene krangla godmodig om kven som hadde rett i korleis IKEA-senga skulle skruast saman :o)

 

Plutseleg var både seng, gardiner, sengehimmel, dokkehus, Ole Brummøblar og kommode på plass.

 

I dag har vi klistra opp veggklistremerker og hengt opp Hello Kitty-plakaten ho fekk til 3-årsdagen for nokre veker sidan, så no er alt på stell. Og jenta ligg og søv inne i sengehimmelen og er SÅ fornøgd!

 

Så no gjenstår det berre at ho lærar seg at ho kan stå opp og gå på do sjølv om natta, så er vi og fornøgd :o)

Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...