Gå til innhold

optimismen er borte, men ønsket er der alikevel....


Anbefalte innlegg

Skrevet

kan det gå bra til slutt alikevel ??

har mistet 3 ganger, men kan liksom ikke se at det skal gå bra en 4de gang.. :-(

vet ikke når jeg blir gravid igjen, men bruker ikke prevensjon, og det er bare 2 mnd siden jeg mistet siste gangen nå....

hvor stor er % sjansen egentlig ?

vet ikke hva jeg skal tro lengre.............................

 

trenger å lufte tankene litt bare

 

andre som har optimistiske god historier å fortelle ?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Hei!

Eg hadde vanskeleg for å bli gravid i det heile, og mista tre gonger i løpet av to år som prøvarar. Dei to første gongene var det i veke 5-6, medan siste gongen var det MA som vart oppdaga i veke 10.

Pga problema med å bli gravid, gjekk eg allereie hjå ein spesialist. Etter 3 abortar kvalifiserar ein for utredning, men eg fekk ikkje, fordi dei rekna den første sa som kjemisk graviditet. Likevel fekk eg ei avtale om å ringe om eg skulle bli gravid att, og 4. gongen starta eg med å setje sprøyter med gravidhormon på meg sjølv.

Dette resulterte i ein liten krølltopp som me kosar oss med no :-)

Då han var 8 mnd fekk eg att mensen, men det var det siste eg såg til den, for jammen vart eg ikkje gravid att. Denne gongen har eg ikkje brukt nokon medisinar, men går likevel og ventar på å få møte den nye babyen vår kva dag som helst no. :-)

Så ja, det er håp, sjølv om det kan sjå heilt svart ut!

 

Eg vil råde deg til å be om å bli henvist til spesialist/utredning om du kvalifiserer til det. Om ikkje, hadde eg kontakta privatklinikk ved neste graviditet.

Det er slett ikkje sikkert at det var medisinane som gjorde at det gjekk bra første gangen, men det var greit å vite at det vart gjort noko.

Ynskjer deg all mogleg lukke til :-)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...