Gå til innhold

Hoho, då har vi kjøpt oss bil :o)


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg og eldste er på besøk hos tanta mi i Bærum, og jaggu klarte vi ikkje å finne ein bil i Moss :o) Fekk til og med mannen som solgte den til å kjøre den til Oslo så vi slapp å ta turen, onkel prøvekjørte (ville helst gjort det sjølv, men akkurat rundt Oslo S, når eg *aldri* har kjørt der før blei litt drøyt sjølv for meg), og vi skal møtast i Oslo igjen i morgon for å skrive på papirene, overlevere bilen og så kjører eg og guttungen heim på mandag.

 

Hurra! Etter over eitt år med ingen bil og (i periodar: Lånt bil) har vi endeleg fått vår eigen. Gleder meg som ein unge til å kjøre bilen heim, har vore og kjøpt sete til guttungen i dag (det trengte han uansett).

 

Det blei forresten ein Volvo 850, den har 3-punktsseler på alle plassar, og sjølv om bagasjerommet er mindre enn det eg er vant til frå Citroën XM så er det god plass både i framsetet og baki (noko som er eit must med bakovervendt barnesete). Og så er det gitter mellom bagasjerom og kupé, så eg slepp å bekymre meg for at saker og ting skal kome flygande om eg må bråbremse.

 

Så om nokon her tilfeldigvis kan gjere seg bruk av togbillettar (1 voksen, 1 barn, NSB Familie) mandag morgon kl 08.34 frå Asker til Bergen er det berre til å sende meg ein pm, dei blir ikkje brukt uansett :o)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Gratulerer med "ny" bil =)

Skrevet

Gratulerer!! Så herlig følelse det må være =) =)

 

Skrevet

Håper turen over fjellet med den nye bilen gikk bra! Gratulerer!

Skrevet

Takktakk :o)

 

Turen over fjellet gjekk kjempefint, vi brukte totalt 8 timar og 15 minutt på våre beint 500 km. Tørt og fint stort sett heile vegen, og guttungen på 5 år ville egentlig ikkje stoppe i det heile tatt (berre to korte stopp for å tisse og hente pizza).

 

Bilen oppførte seg så pent som bere det, og drakk ikkje like mykje bensin som eg frykta :o) Veldig deilig å ha sin eigen bil igjen!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...