Gå til innhold

Besøket hjå jordmora forandra alt!! :)


Fleur Delacour

Anbefalte innlegg

Eg er 13 fullgåtte veker i dag, og er godt igang med andre trimester! :) Første trimester gjekk veldig fint, lite kvalme men trøytt og heilt forferdeleg vonde bryst...:/ Har gått jevnt og trutt oppover i vekt og har nok lagt på meg ca 2,5 kilo. Men siste par vekene har symptomene nesten opphørt, og eg har ikkje klart å forholda meg til at eg er gravid, at alt kjenst så uverkeleg. Men så drog eg og mannen på svangerskapskontroll hjå jordmor!

 

Ho viste oss plansjer og forklarte kor stor babyen er, og at den no er heilt ferdig og skal berre vekse. Så la eg meg på benken, og ho fann lett livmora ca midt mellom symfysen og navlen - mykje høgare oppe enn eg hadde trudd! Så sa ho at sidan det var så tidleg var det slett ikkje sikkert me fekk høyra hjartelyd, men at me kunne prøva likevel sidan barnefar var med...og ho hadde ikkje før lagt på apparatet før me høyrte ein tydeleg, rask liten puls! Eg fekk tårer i augene, plutseleg var det heilt på ordentleg!

 

Så dei siste dagane har eg omfavna mammabuksene med opne armar, og lar magen siga ut som den vil - før gjekk eg med mine vanlege bukser sjølv om det var ubehageleg, og tok på vide gensarar etc så "flesket" ikkje skulle visa. No går eg med trange gensarar og viser den vesle magen min med stoltheit!

 

Åh, eg gler meg sånn!! :) :) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Så hyggelig at du fikk høre hjertelyden :D

Alt blir så mer virkelig da. Kos deg med den voksende magen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...