Ranveig R Skrevet 7. oktober 2010 #1 Skrevet 7. oktober 2010 Eg begynte på penicillinkur tirsdag kveld, pga halsbetennelse med streptokokkar. Var ferdig med forrige penicillinkur for same problem fire dagar før. No er feberen vekke (igjen) og eg kan svelge. Men det kjennes ut som om det ER noko i halsen som eg ikkje får vekk. Og då eg såg i speilet i stad så var det jaggu ein raud "byll" (eller, den ser ikkje ut til å vere pussfylt eller noko, så då er det sikkert ikkje ein byll likevel) på den vonde sida av svelget, framfor drøvelen, ved sida av tunga. Wtf? Har aldri vore med på dette her før. Det er vondt i svelget enno, og er ikkje noko særleg bedre i kveld enn det var i gårkveld. Er dette normalt for halsbetennelse? Bortsett frå dette er allmenntilstanden ok, blir svett, andpusten og shaky av å bevege meg noko særleg, men det er vel normalt etter å ha vore sjuk i to veker, spesielt når det er vondt å svelge så eg ikkje får i meg noko særleg mat. O store DiB-guruer... har dåke atter ein gong SVARET?
Gjest ->>- Skrevet 7. oktober 2010 #3 Skrevet 7. oktober 2010 http://nhi.no/sykdommer/ore-nese-hals/svelget-midtre-del/halsbyll-peritonsiller-abscess-3467.html
Ranveig R Skrevet 7. oktober 2010 Forfatter #4 Skrevet 7. oktober 2010 Takk! Det var det eg visste, at den store DiB hadde svaret nok ein gong. DiB og google i fin kombinasjon. Då ser eg det heile an eit par dagar til, sidan eg i alle fall har blitt *litt* bedre, eg skal knaske Apocillin etter boka (og klokka) og satse på at det tar knekken på styggedommen. Håpar inderleg eg er frisk til mandag i alle fall, då reiser sjefen på ferie og vi er berre to til å ta oss av dei 8 ungane i bhg. Og uansett er eg heilt nyansatt og har ikkje krav på sjukepengar, så eg har ikkje økonomi til å vere sjuk lenger.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå