Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

No er eg nett komen heim frå legevakten med kraftig halsbetennelse og sjukemelding, resept på penicillin, smertestillande og haugar og dungar med c-vitamin.

 

Var ferdig med forrige penicillinkur på fredag, så dette var IKKJE kjekt. Har vore heilt elendig i kveld og då eg ikkje klarte verken å snakke eller svelge såg eg det nødvendig å ta turen til legevakta. Dei påviste streptokokkar, og gav meg heldigvis smertestillande der inne (paracet hjelper ikkje) + at eg fekk med meg nok penicillin til i kveld + i morgon tidleg.

 

Dette er surt altså, tredje veka i ny jobb og sjukemeldt for andre gong. Har jo sjølvsagt ikkje tjent opp rett til sjukepengar heller så eg tapar jo på dette, i tillegg til at det kjennes frykteleg å ikkje møte på jobb når eg er *så* ny.

 

Såh, det var dagens klaging frå meg. No er smertene levelege så eg har fått i meg bittelitt mat + cola, og kanskje eg muligens klarar å sove litt i tillegg :o)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Huff, det er ikke godt med streptokokk halsbetennelse. Kanskje forrige kur varte for kort? Da kan den ofte komme igjen etter et par dager. Eller at du har fått feil antibiotika? Jeg måtte får en sterkere en gang for virkelig å ta knekken på det.

 

Uansett, en kan ikke hjelpe for at en blir syk så fokuser på å slappe av du og ta det med ro! Ønsker deg masse god bedring.

 

Skrevet

Ja, eg lurar på om forrige kur var for kort. Fekk berre for sju dagar, har alltid fått for 10 tidlegare. Legen i går synest det var litt rart at eg fekk berre for sju sist, 10 dagar er standarden.

 

Så no har eg i alle fall fått lang nok kur, og formen er faktisk bedre allerede. Men det kan jo ha samanheng med sterkare smertestillande enn eg er vant til.

Skrevet

Kjipt!! Håper du blir fort bedre! =)

 

Skrevet

Veldig kjedelig å bli sykemeldt i ny jobb. Men siden du får sykemelding, har du ikke da rett på sykepenger og? Fra nav? Det må du undersøke!!

 

Masse masse god bedring iallefall, håper du kommer deg fort fort!! Så kommer du deg gjerne på jobb igjen før du hadde trodd..

Skrevet

Takk for tips, det gjeld tydelegvis ikkje meg då eitt av krava er at ein har vore i arbeid i minst fire veker. Og eg begynte 13. september. Jaja. Det er ikkje *så* mange dagar det er snakk om heller (sidan eg berre jobbar 2 1/2 dag i veka), og legen sa at det var lov for meg til å gå på jobb når eg følte meg bedre sjølv om sjukemeldinga ikkje var gått ut.

 

Eg kan ikkje gå i morgon i alle fall, men er såpass mykje bedre i dag at eg håpar på at eg kan kome meg på jobb på fredag :o)

 

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...