Gå til innhold

NY JOBB! :D


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg har vore heime med ungane sidan eldste blei fødd i 2005. I fjor sommar begynte eg å jobbe annankvar helg på ein bensinstasjon for å tjene litt pengar og komme meg litt ut av huset. I sommar og haust har eg jobba betydeleg meir (sidan lille og har begynt i bhg og vi har mista kontantstøtta), men alltid kveld og helg fordi dagvaktene på ingen måte kan kombinerast med henting/levering i bhg.

 

I forrige veke søkte eg på ein jobb, på onsdag var eg på intervju og i kveld ringte dei og sa at eg fekk jobben om eg ville! Det er i ein familiebarnehage ca 15 min kjøring heimefrå (10 min frå bhg til ungane), kjempekoseleg plass og ho som driver den virka veldig ok. Det er to ting som gjer at dette passar supert (bortsett frå at eg har kjempelyst til å jobbe der), og det er at:

 

* dei trengte ein 50% stilling, og ville ha meg til å jobbe mandagar, torsdagar og fredagar - som er AKKURAT dei same dagane som begge ungane våre er i bhg

* barnehagen eg skal begynne å jobbe i er open frå 7.30 til 16.30, barnehagen til ungane er open frå 7 til 17, dermed er det alltid mulig for meg å levere og hente uansett om eg har sein- eller tidlegvakt

 

Eg har vore på jobb i kveld og har vore i så godt humør at kundane har sikkert begynt å lure, men det får dei berre gjere. Eg har sunge og dansa litt, og måtte (av rein fryd) skrive ein limerick til ho som skal opne i morgon tidleg :D

 

Eg er så glad, så glad så glad - det var så utruleg usannsynleg at eg skulle finne ein jobb der eg kunne vere 2-3 dagar i veka, men berre mellom 7.30 og 16.30 og aldri tirsdag og onsdag - og ikkje meir enn 20 min kjøring frå bhg til ungane. Men så berre dukka den opp (dvs besteveninna mi fann den hos NAV, og beordra meg til å søke). Det kunne ikkje blitt meir perfekt! Og dei vil at eg skal begynne allerede på mandag! Wohoo!

 

GLEDER MEG!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Så bra da =) Gratulerer med ny jobb!

Skrevet

Oi, du er skikkelig heldig! Var max flaks det der! Gratulerer med ny jobb, og lykke til!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...