Anonym bruker Skrevet 16. juli 2010 #1 Skrevet 16. juli 2010 Eg er på jakt etter å finne ut kor ein bunad kjem i frå. Den har raudt silkeliv med blomsterbroderi på, svart skjørt og svart forkle med blomsterbroderi nede på kanten på. På vesten er det svarte og kvite band i kantane, og beltet er enkelt, svart med hjertespenner. Det er eit kjede med spyd og kors tredd i åtte ringar frå brystet og nedover. (ikkje så godt å forklare, men slik det til dømes er på Sunnhordlandsbunaden. Skjorta som høyrer til er kvit, og det er ei lita halssølje og ei stor "brystsølje". Så vidt eg veit høyrer det ingen hovudplagg med, men eg trur det finst eit svart trekantsjal med blomsterbroderi og frynser og ei svart veske med blomsterbroderi som kan festast til beltet til. Litt innvikla forklart, men er det nokon som forstår kva bunad dette kan vera? Har kikka på husfliden sine sider blant anna, men finn den ikkje. Eg trur kanskje den høyrer til Vestlandsfylka, men det er ikkje sikkert. Det kan moglegeins vera raud austevollsbunad, den for ugifte kvinner, men eg finn ingen bilete av den på nett så eg er ikkje sikker. Nokon som anar kva bunad dette kan vera?
Anonym bruker Skrevet 16. juli 2010 #2 Skrevet 16. juli 2010 Hvis du ikke må ha svar idag har jo det fleste bibliotek Norsk Bunadsleksikon i hyllene, oftest ikke til hjemlån, der finner du den sikkert. Skulle slått opp i mitt selv, men er på ferie :-) Hvordan er skjørtet, er det glatt, med folder, piperynker? Hva slags fasong er det på livet, er det empireliv til under puppene, henger det fast i stakken eller går det utenpå? Har det vippekant på sidene eller "skjart" bak?
Anonym bruker Skrevet 16. juli 2010 #3 Skrevet 16. juli 2010 Smart, får sjekke bunadsleksikonet på biblioteket når det opnar igjen i august ein gong, dersom ingen andre veit det! ;-) Skjørtet er glatt, med folder, trur eg. Bilete er ikkje så godt, men eg meinar det er det.. ;-) Livet går ned til "livet", og skjørtet kjem vel utpå livet, men det vert skjult av forkle og belte. Bunaden minner eigentleg mykje om Sunnhordlandsbunaden, viss du finn bilete av den på nett, men livet har anna stoff og blomstermønster, ingen brystduk og forkledet er glatt. Trur kanskje stakken er ull(svart), men det skal eg ikkje seie sikkert.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå