Gå til innhold

Min drømmefødsel (samme som 3.trim..)


Mammaønske

Anbefalte innlegg

Her kjem min fine fødselshistorie :-) Gløymde å skrive på 3. trimester at ho kom 11 dagar før termin.

 

Eg hadde modningsrier i nesten tre døgn før de "orntlige" riene tok til. Modningsriene kjendes ut som kraftige kynnere med ein bølge av menstruasjonsmerte attåt. De kom veldig uregelmessigt (fra 5 - 20 minutter) varte i alt frå 20sek til 2 minutter og var ikkje særleg vonde. Tysdag natt (6/7) tok riene seg opp og kom med 8 minutters mellomrom og eg kontakta føden. Fekk beskjed om å vente til de vart sterkere og ringe då.

 

Onsdag (7/7) tok eg tida på riene heile dagen. Gjekk ut ein liten tur med håp om at de skulle ta seg opp. På ettermiddagen endra dei form. De vart sterkere, kom hyppigere, men varte kortere. Ringte føden klokka 16, då kom riene med 4 min mellomrom, men varte berre i 40 sekunder. Fekk beskjed om å prøve å slappe litt av, det kunne være at riene dabba av igjen- eller at de vart enda sterkere. Ringte igjen klokka 19 etter mykje mas frå min betre halvdel som var litt bekymra. Me satt og såg film, men kvart 4 min måtte eg opp og puste med gjennom riene. Fekk beskjed om å komme opp på Kvinneklinikken og ta ein sjekk. Tok taxi opp til sjukehuset og vart tatt imot av ei herleg jordmor på Storken. Vart sjekka klokka 20. Då hadde eg 2cm åpning. Det var heldigvis ikkje stor pågang på Storken og me fekk lov å bli der for å sjekke om det var noko forandring i løpet av den neste timen. Vart sjekka igjen og var då oppe i 3 cm. Jordmora bad meg då bli der. Fekk tilbud om klyster og takka ja. Fekk ny jordmor, ei hyggelig svensk ei. Ho ville ikkje sjekka meg enda, på grunn av infeksjonsfare. Fekk tilbud og akupunktur eller badekar, men ville vente til riene vart vondare. Klokka 22.45 ringte eg på klokka og bad om akupunktur fordi eg hadde to veldig vonde rier. Jordmora fekk berre satt tre nåler i meg og så gjekk vatnet. Kjæresten og jordmora fekk akkurat dratt av meg buksa og det vart konstatert full åpning, så kom pressriene. Jordmora fekk ropt på ein assistent og dratt meg litt ned i senga og så var det berre å sette i gang. Eg kjendte at urkvinnen i meg kom fram og pusta og peste og knurra (har eg høyrt i ettertid, he he), mens eg pressa vetlejenta ut. Eg prøvde å følge jordmora sine råd, sjølv om eg ikkje forstod alt ho sa ;-) Etter ca 30 minutters pressing kom hovudet til vetlejenta vår ut og jordmor bad meg dra ut resten av ungen. Eg såg opp og tok tak i vetlejenta og dro ho ut, det var heilt sjukt! Klokka 23.18 kom ho til verda. Det tok 3 og ein halv time frå 2cm til full åpning! Eg er veldig glad for at me dro opp på sjukehuset når me gjorde og at eg fekk bli der sjølv om eg berre hadde 2cm åpning. Ting gjekk veldig fort, men det gjekk veldig bra.

 

Eg fekk vetlejenta rett opp på magen og kjendte den varme gode kroppen hennar. Jordmødrene tørka ho mens ho låg på magen min og la eit pledd over ho. Etterkvart fekk eg jenta til brystet og eg, min kjære og vetlejenta fekk ligge åleine saman i senga i to timar før jordmor kom inn for å vege og måle ho. Det var supert, er kjempe glad for at eg valgte å føde på Storken.

 

Vekt: 2770gr

Lengde: 50cm

Hodeomkrets: 33cm

 

Eg fekk ingen rifter og var i veldig god form etter fødsel. Me fekk litt ekstra oppfølging fordi ho var litt lita, men ho tok brystet godt og blodprøvene var gode så me fekk reise heim etter to dagar. Me fekk familierom under heile oppholdet og det var herlegt å ha min kjære ved min side heile veien. No nyter me livet som småbarnsforeldre, med lite nattesøvn, såre brystvorter, bæsjebleier og verdens herligste nydligste lille jenta. Ho har fått navnet Amalie og er det største som nokon sinne har hendt meg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Åj, dette var en rørende historie å lese. Høres virkelig ut som en drømmefødsel du har hatt. Veldig kjekt du ville dele den her inne. Tør ikke håpe på at alt går så vel selv...hehe... Håper jo på både drømmefødsel og rommet dere fikk ha :)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...