Gå til innhold

Å eller OG?


Anbefalte innlegg

Skrevet

OG eller Å

 

Vanskeleg å bruke fordi vi ikkje høyrer forskjell når vi snakkar.

 

Å er infinitivsmerke.

 

-Infinitivsmerket å kan berre stå framfor eit verb i infinitiv

-Du må prøve å løyse dette stykket

-Eg gjekk heim for å gjere lekser, og han gjekk heim for å øve på trompeten

Men:

-Han kan syngje og danse betre enn dei fleste

-Er du i tvil kan du setje verba i preteritum

-Han song og dansa betre enn dei fleste

 

Og bind saman.

 

-Konjunksjonen og bind saman ord, setningar og setningsledd

-Eg spaserte heim, og han tok bussen

-Ho gav ein blomster til meg og til mora mi

-Han song og spelte heile dagen

 

Og etter presens partisipp.

 

Vi bruker og etter presens partisipp

-Vi vart sitjande og vente i fleire timar

 

Her kan du og bruke preteritumstesten:

-Vi sat og venta i fleire timar

 

Faste uttrykk med å.

 

Vi bruker å i desse uttrykka

-Sant å seie

-Så å seie

-Vel å merke

-Kan du vere så snill å hjelpe meg?

 

Å eller og?

 

-Det er irriterande …. bli sitjande heilt passiv.

-Kan du springe … hente tinga dine?

-Jentene skulle lære … snikre … reparere bilar.

-Sant … seie er eg litt i villreie.

-Faren ville ut … prøve fiskelykka.

-Eg er så … seie ferdig.

-Dei hoppa … dansa av glede.

 

 

 

 

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

-Det er irriterande å bli sitjande heilt passiv.

-Kan du springe og hente tinga dine?

-Jentene skulle lære å snikre og reparere bilar.

-Sant å seie er eg litt i villreie.

-Faren ville ut å prøve fiskelykka.

-Eg er så og seie ferdig.

-Dei hoppa og dansa av glede.

 

...?

 

 

 

Skrevet

Enig med anonym over, bortsett fra

 

-Faren ville ut OG prøve fiskelykka.

-Eg er så Å seie ferdig

 

 

.....??

Skrevet

Eh, hun var jo ikke anonym i det hele tatt, denne fjapsen:) Men i hvert fall, nokså enig med henne.

Skrevet

Og det var relevant fordi? Og-å reglane er like på nynorsk og bokmål.

Skrevet

Enig med anonym etter fjapsen

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...