Ranveig R Skrevet 2. april 2010 #1 Skrevet 2. april 2010 Denne turen har vore planlagt og utsett sidan pinsen i fjor, så no er det sanneleg på tide! Vi skal på hytta til eit venepar av oss (med ungar på same alder som våre), og vi gleder oss sånn! Yngstebarnet der er fødd veldig tidleg, så han var totalt skjerma for andre barn enn søstera det første året. Men i mai i fjor skulle vi på hyttetur. Guten blei forkjølt, noko som førte til innleggelse i ei veke. Hytteturen blei utsett. Så kom svineinfluensaen. Ubehageleg for oss, livsfarleg for ekstrempremature med dårlege lunger. Veninna mi og ungane isolerte seg på hytta frå første influensabølge i fjor haust og til over nyttår (då hadde dei fått vaksina, og det verste var uansett over). Etter nyttår har vi på mystisk vis blitt sjuke KVAR gong vi har avtalt å treffast. Så ofte og påfallande at det rett og slett er komisk. Men NO skulle vi på hyttetur. Vi skulle reise i går, og vere til mandag. Men i begynnelsen av veka fekk guten vår omgangssjuke, og det varte til og med natt til torsdag. Så no er vi, etter to dagars karantene, klare for tur, og skal i det minste få oss eit par dagar saman. Ungane gleder seg som, vel, som ungar, eg gleder meg som ein unge og mannen er litt meir avslappa til det heile, men eg trur nok han gleder seg han og. Så i morgon føremiddag når lille skal sove, set vi oss i bilen og satsar på å gjere unna det meste av turen i søvne. Og så tenker vi at vi får eit par kjempefine dagar saman med gode vener, og så er vi veldig takknemlige for at vi andre ikkje fekk omgangssjuka når vi først hadde det i hus ) Påskefjellet; here we come!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå