Gå til innhold

Då er eg tilbake i sivilisasjonen :p


Anbefalte innlegg

Skrevet

Vel, det er nok dei som vil påstå at Sandvika er meir sivilisasjon enn Sotra, men det får våge seg...

 

Togturen til Asker gjekk greitt. Lille på 2 år og 4 mnd er veldig skeptisk til alt nytt, og var vettskremt av toget. Ho begynte å hyle det sekundet eg sette ho i setet, eller på golvet, og skreik til eg løfta ho opp igjen. Men då vi berre sat i setet (ho på fanget sjølvsagt) gjekk det kjempefint. Ho åt matpakken sin, leste bøker, såg ut, var på do sikkert 10 gongar (like traumatisk alle gongane, for ho måtte nødvendigvis stå på golvet mens eg drog opp buksa igjen), pussa tenner og la seg i vogna kl 19, sovna kl 20, og så leste eg husmorporno og åt gulrøtter dei siste to timane :o)

 

Vi har hatt ei kjempefin veke saman med tanta, onkelen og kusina mi, og vi har også fått treffe søstera mi som studerer i Oslo, to andre kusiner, ein fetter, ei anna tante av meg og ei studieveninne eg ikkje har sett på to år. Utruleg kjekt! Vi har shoppa, vore med tante på jobb, trening, osv, vore på kino (dvs då var tante barnevakt), leikt ute i snøen, laga mat, lest bøker, leikt med duplo og berre kost oss.

 

Turen heim igjen gjekk akkurat like fint som turen dit, vi leste og teikna, åt matpakke og sang, og lille sovna i vogna kl 20. Og så var det ei kjempehyggeleg jente/dame med ein baby ved sida av oss, og vi prata og koste oss heile vegen :o)

 

Men det var deilig å sove i si eiga seng igjen, og kjekt å vere heime hos mannen og storebror. No søv mannen og lille, eldste ser Istid og eg slappar av (og prøver å ta igjen litt nettgreier), før eg skal på jobb. Godt å vere heime!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Velkommen tilbake til sivilasjonen. Godt å ha deg tilbake:)Håper du kommer videre med inn på ny skravleside på dib.. Jeg vil iallefall prøve det ut før jeg bestemmer meg:)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...