Gå til innhold

Grua meg ei veke for å dra til legen for å be om sjukemelding


Anbefalte innlegg

Skrevet

...og det var med rette.

 

Trøtt har eg vore heile svangerskapet og det må ein rekne med og jobbe som vanleg. Men det har gått over i fysiske smerter i magen, sikkert litt voksesmerter. Blir så utruleg sliten når eg går og får gjort veldig lite på jobb. I dei siste dagane har eg hatt ein del kontorarbeid eg kan gjere, men no må eg bli meir fysisk.

 

Legen gav meg eit langt foredrag om at ein må få ned sjukefraveret og spes i svangerskap. Dette er mitt fjerde. I mitt første jobba eg 100 % fram til 10 dagar før fødsel, i mitt andre jobba eg 100 % fram til to mnd før og siste mnd hadde eg 20% sjukemelding. Hallo - eg veit at det ikkje er ein sjukdom! "ser du for deg å ikkje skulle jobbe resten av svangerskapet?" Nei, men no treng eg å kvile...

 

Ho trudde det heile var psykisk. Ja, eg er litt bekymra fordi sist graviditet endte i SA etter 11 veker. Men om det så skulle vere, eg føler meg like arbeidsufør for det. Har fått tidleg UL om tre veker, ho skulle prøve å få den framskunda.

 

Faen, no sit eg her og gråter, det var så fornedrande. Ho snakka om tilrettelegging. Eg kan ikkje gjere jobben til andre når eg er stipendiat. Eg treng å gjere min jobb og få mine resultat og det klarer eg ikkje ved å sitte i ro på ein stol.

 

Eg fekk 40% sjukemelding i tre veker. Det betyr jobbe fullt tre dagar og ha to dagar å ta meg inn på eller meir realistisk; vere 100% på jobb og yte 60%. Klarte ikkje å seie at eg følte det ikkje var nok.

 

Jaja, eg får berre bite tenna saman og jobbe til eg stuper...

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

tragisk.... æ hadd bytta lege på dagen! bare å gå inn på sian te nav det!

 

 

Skrevet

Synest det blir for dumt, skal heller skrive eit brev til henne der eg forklarer korleis eg opplevde det. Så får vi sjå korleis det går når eg kjem tilbake om tre veker. Men føler eg med like arbeidsufør neste veke skal eg prøve å ringe på nytt.

Skrevet

Jeg hadde også byttet lege var jeg deg. Dette høres jo helt utrolig ut! Særlig siden du hadde SA sist gang. Mulig jeg er fordomsfull, men jeg har hørt om flere kvinnelige fastleger som er på samme måten. Kanskje hun selv jobbet hele svskapet sitt uten problem, og forventer det samme fra andre. Ikke alle leger som får empati av 6 års skolegang...

Nei, bytt lege og IKKE bit tenna sammen og jobb til du stuper, tro meg det er ingen som kommer til å takke deg for deg senere! Lykke til :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...