Ranveig R Skrevet 16. januar 2010 #1 Skrevet 16. januar 2010 I dag har eg hatt ein skikkeleg RÆVVA dag, om eg får vere så grov i munnen (eller fingrane). Eldste sutra og skreik store delar av føremiddagen. Eg måtte holde han fast og tvinge på han augelapp. Lille har sutra og sutra, akkurat som ho har gjort dei par siste vekene. Eg sovna for seint i går, så det gjordet sjølvsagt ingen ting lettare. Mannen skulle (for ein gongs skuld) få sove lenge i dag, men eg måtte vekke han kl 10 for at eg ikkje skulle klikke totalt. Vi måtte ein tur til by'n (lille sutra/skreik det meste av vegen), vi måtte handle på ein butikk først og så på ein annan, og i det eg stod og laga pizza oppdaga eg at vi var tom for bakepapir. Nok ein tur i butikken. Og lille sutra og klistra seg til meg og pappaen som om tøyet var laga av borrelås. Huset flyter. Oppvaskmaskina virkar ikkje. I tillegg har eg hatt litt tidspress på meg for å få strikka ferdig babyteppet til veninna mi sine babyar (som blei fødd forrige laurdag, 7 veker før tida) - dvs eg strikka eitt og mamma strikka eitt. Og då eg omsider blei ferdig *måtte* eg berre strikke hue og sokkar til begge to og. Skulle levere i dag, så MÅTTE bli ferdig. Så køyrde eg og ei anna veninne for å treffe veninna mi og mannen hennar. Blei einige om å berre møtast "på vegen", dei har vore på barneklinikken heile dagen (som alle andre dagar), og orka ikkje egentlig besøk. Ikkje eg heller for den del. Vi møttes, og fekk prata litt og dei blei SÅ utruleg glade for tepper, huer og sokkar. Dei tok ut huene og sokkane og vurdere størrelse, og var skjønt einige om at dei nok passa perfekt. Eg hadde med vilje laga sokkane store nok til at det skulle bli plass til oksygenmetningsmålaren som tvillingane har på foten (tips frå ei anna prematurmammaveninne), og det blei lagt merke til og sett pris på. Men uansett kor flott dei syntes det var med gåvene - då eg spurde om dei hadde ete middag i dag (noko dei ikkje hadde, klokka nærma seg 22), og drog ut eit brett med ein heimelaga, usteikt pizza (klar til å sette i ovnen) til dei - meir takknemlige ansikt trur eg kanskje aldri eg har sett før! Og vips var dagen min heilt fantastisk! Lang historie - kort poeng
yasmina Skrevet 17. januar 2010 #2 Skrevet 17. januar 2010 Saa herlig da, er godt aa kunne gjoere smaating for venner naar de virkelig trenger det. Smaating for den som gjoer det, store ting for den som mottar !
Lene~mor til tre Skrevet 17. januar 2010 #3 Skrevet 17. januar 2010 Oi ja det er så flott å kunne være til hjelp og glede andre, da blir plutselig andre ting mindre viktig.
h@ppy elsker høstfargene :) Skrevet 17. januar 2010 #4 Skrevet 17. januar 2010 Ja, det er gøy å gjøre andre glad!!! Snill du er...... mitt oppi alt ditt:)))
Jojo x3 Skrevet 17. januar 2010 #5 Skrevet 17. januar 2010 Ja, en får mye igjen for å glede andre! Heldige de som kjenner deg :-)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå