Gå til innhold

Kan du gi meg din favoritt Pepperkakeoppskrift.......?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Også en begrunnelse, hvorfor akkurat den er god..... :))

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Desse er fantastiske av mange grunnar:

 

* dei er sprø sjølv om dei ikkje er supertynne

* dei er ikkje steinharde som mange heimelaga pepperkaker

* liknar meir på kjøpepepperkaker enn heimelaga (og vi veit jo alle at kjøpepepperkaker er best)

* du slepp styret med å kjevle og stikke og grise

 

Minuset er då sjølvsagt at dette ikkje er deigen du brukar til pepperkakehus/til å la ungane leike seg med. Men kakene er dei beste heimelaga eg har smakt, samt bedre enn mange kjøpekaker :o)

 

"Tove Karin sine pepperkaker (Kjempegode!)

 

250 g smør

2 1/2 dl sukker

1 dl sirup

125 g finhakka mandlar

1 ss kanel

1/2 ts nellik

ein liten dæsj pepper

1/2 ss natron

500 g kveitemjøl

 

Varm smør, sukker og sirup. Ikkje kok. Tilsett mandlar og krydder. Rør ut natron i 1 ss vatn, bland i. Tilsett så mykje mjøl som du klarar å RØRE inn. Elt resten av mjølet inn i deigen på bordet.

 

Form to pølser, rull inn i bakepapir - la kvile i kjøleskap over natta.

 

Skjær tynne skiver og steik på brett.

 

Ca 175*c, 10 min."

 

Eg bytta forresten ut smøret med soft spesial sidan lille ikkje tåler melk, og det gjekk heilt problemfritt :o)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...