Gå til innhold

Dårleg periode? Går lang tid mellom kvart måltid...


Anbefalte innlegg

Skrevet

Eg har ei jente på 3,5 mnd, som siste tida har byrja styra veldig ved puppen. Viss ho ikkje er SKIKKELEG svolten når eg legg ho til, så er det ikkje snakk om at ho tek puppen. Ho blir rasande. Og siste veka har det gått lenger og lenger tid mellom kvart måltid - opp til 5 (!) timar. Eg forstår ikkje at ho ikkje er svolten før???

 

Kjenner eg blir stressa og uroleg av dette - som alle mødre vil eg jo at jenta mi skal få i seg så mykje mat som mogleg.

 

Ho er elles vaken og utforskande, og søv godt på natta (då går det 6-7 timar frå ho somnar til ho vil ha mat igjen). Er det berre dumt at meg å uroa meg? Kan eg stola på at ho styrer dette med matinntaket sjølv, og tek til seg den maten ho treng?

 

Ho har fleire fulle bleier i døgnet, og når ho først et så et ho heldigvis godt. Men den tretimersregelen kan eg berre sjå langt etter. Ho et ikkje etter tre timar uansett kva eg prøver å lokka med (drypper morsmjølk inn i munnen hennar etc).

 

Andre som slit litt med dette?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Det som er viktig er at jenta di legger på seg og at du ser at ho har det bra. Hvis du kan svare ja på dessa to spørsmåla så hadde eg ikkje bekymra meg. Bekymring hos deg kan føre til at du mistar mjølka di og det hjelper heller ikkje til med situasjonen. Ta det med ro og la ho få eta når ho er sulten. Hvis du ønsker det så er eg sikker på at helsestasjonen lar deg komma inn og vega ho bare for å vera på den sikkre sida.

 

Gutten min var litt som jenta di. Eg tok sjeldent tida mellom amminga men han åt når han var sulten. Eg starta dessverre tidlig med flaske til han, men det er ein lang historie som er årsaka til det. Han la på seg veldig fint og det var ikkje noko gale med det. Jenta mi var litt meire på den "tretimarsregelen" men langt i frå "dead on" ho heller. Begge to har vokst opp og er to fine ungar i dag!!

 

Lykke til!!

Skrevet

Tusen takk for svar!

 

Mor mi sa også dette - at så lenge frøkna har det fint, og legg på seg, så skal eg ikkje bruka tid på dette. Kan jo henda det er ting som skjer i den psykiske utviklinga, evt er det tenner på gang etc. Mange ting kan gjera at babyane oppfører seg litt "rart" i periodar.

 

Eg skal på helsestasjonen neste veke og ha ho på vekta. Så får me sjå.

 

Jenta mi har gode valkar på kroppen, så ho er ikkje tynn på nokon måte - men eg klarar ikkje sleppa usikkerheita heilt merkar eg. Sidan dette er noko ho har byrja med i det siste (lang tid mellom måltid).

Skrevet

Ta det med ro fram til du skal på hs til uka. Hvis ho har gode valkar så er det nok ikkje noko anna enn at ho nå ikkje trenger like masse mat som tidligare, detta går veldig opp og ned. Nokon periodar trenger dei meire fordi dei vokser meire mens andre periodar er meire "kvile". Det er nok ikkje noko gale med ho!

 

Lykke til på heslestasjonen!!!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...