Gå til innhold

"Frustrert" baby


Anbefalte innlegg

Skrevet

Siste vekene har amminga blitt eit einaste rot. Eg har ei jente på 3,5 mnd, og ho har plutseleg blitt veldig uroleg og sint på puppen. På natta og morgonen et ho godt, og tømmer gjerne begge bryst. På dagen er ho som ein makk - tek puppen, slepp den, hyler litt, tek tak igjen, sug to tak, slepp den, hyler osv. Eg skjønnar ikkje kva som er problemet hennar? Eg har fullamma til no.

 

Ho har aldri vore ein baby eg har kunna legga til når det har passa meg - ho tek berre puppen når ho er svolten og vil det sjølv. Slik har ho vore sidan ho var tre veker gamal. Men no virkar det som ho ikkje har ro til å eta på dagen - og eg blir redd for å mista mjølka når ho berre vil ha 5 måltid pr døgn...Tre av dei på dagen, og då et ho dårleg og er som ein makk på puppen.

 

Kjenner eg blir litt fortvila. Og eg tør jo ikkje amma ho i nærleiken av andre, fordi dei må jo byrja lura når det virkar som ho mistrivst så sterkt på puppen...

 

Andre som har opplevd dette?

Videoannonse
Annonse
Skrevet

hmm, det er ikke at utdrivninga ikke går fort nok for henne da? Mi ble også sånn i den alderen der, og er det fortsatt mye, men jeg pleier å ligge med henne i senga og vente vente vente til hun tilslutt tar puppen, lar henne sprelle seg ferdig. og om natta og morgenen er hu sånn som di :)

 

Skrevet

Min første hadde ikke tid til å spise på dagen fra hun var 3-4 måneder, for mye annet å se på... Måtte skru av lyset og ligge og amme i soverommet hvis det skulle bli noe mer enn en kjapp skvett for å slekke tørsten. Men på natten spiste hun bra! Hun begynnte ikke å spise bra på dagen før vi kuttet ut nattmåltidene helt når hun var ca 6 måneder. Og da spiste hun mest grøt og annen fast føde. Så lenge hun spiser mye på natten mister du nok ikke melka, hun har jo bare flyttet måltidene til feil del av døgnet...

Skrevet

Gutten min ble også sånn! Virket som han ikke syntes melka kom fort nok, og at det ikke kom så stor mengde melk ut som han ønsket. + at jeg tror ikke jeg hadde nok melk. Kan det ikke være det da? Har du prøvd å pumpet deg og sett hvor mye melk du har?

 

Jeg måtte gå over til NAN i tillegg, og nå går det kun i NAN.

Gjest amandine
Skrevet

Du klarer ikke pumpe tomt brystet. Så hvis du er redd du har lite melk er det ikke noe vits i iallefall! Heller blir det sånn at du tror du har mye mindre enn du faktisk har. Og hvis utdrivningen din er litt treg er det helt håpløst med pumpe!

Prøv å slappe av, kanskje legge deg sånn som en over her foreslo. Drikk mye vann, gjerne en alkoholfri øl eller to om kvelden og pass på deg selv så du er rolig og fornøyd. Kanskje du skulle snakke med en ammehjelper? Lykke til, iallefall!

Skrevet

Be legen om resept på Syntocinon nesespray hvis utdrivningen er treg. Den setter i gang utdrivningsrefleksen slik at selv den mest utålmodige baby gidder å ta brystet. Sprayen reddet ammingen med ett av mine barn som oppførte seg akkurat slik som HI beskriver. Brukte den i et par mnd, da var vegringsperioden over.

Gjest amandine
Skrevet

Den har jeg brukt, også, for å få fart på pumpingen... Funker så det suser..

Skrevet

Hei alle saman,

 

og takk for svar!

Det som forundrar meg, er at eg ikkje har treig utdrivingsrefleks - så det blir mykje søl sidan ho slepp puppen i hytt og pine. Eg har heller ikkje for kraftig utdriving, for ho klarar fint å svelja unna mjølka når ho berre vil.

 

Eg trur rett og slett ho må vera skikkeleg svolten for å "gidda" å eta. Det virkar slik. Og så må ho for all del ikkje vera for trøytt. Då blir ho hysterisk. Det hender det hjelper å legga ho ned slik at ho får sova ein times tid, og SÅ kan eg gje mat. Eg har vel berre ein litt rar baby :-)

 

Elles har eg ikkje for lite mjølk heller - ikkje ENDA i alle fall. Men eg er jo redd for at produksjonen skal gå ned. Ho har pleidd å tømma begge bryst til måltida, men no som ho styrer sånn, så tømmer ho max det eine ved kvart måltid. Eg har tenkt tanken at produksjonen kanskje har gått opp, slik at ho berre har behov for eitt bryst om gongen - men eg veit ikkje.

 

Heilt til no har eg følt at eg har balansert akkurat med den mengda mjølk ho treng. Dvs at ho har tømt meg, og så har eg akkurat hatt tid til å produsera nytt før ho vil ha mat igjen. Men no er heile rutina ute av lage, og eg kan absolutt ikkje bestemma meg for aukedag - for ho nektar jo å "hjelpa" meg.

 

I går kveld åt ho godt, og det same i natt og i dag tidleg. Etter frukost gjekk det ca fire timar før neste måltid - og då tømde ho greit det eine brystet. Etter ein god pause der me har leika litt, skifta bleie etc, så prøvde eg å legga ho til på det andre. Men då vart ho hysterisk. Så no har eg lagt ho ned for å sova. Eg tykkjer det er litt lite med berre to måltid, mellom kl 9 og kl 14 på dagen??? Og no kjem ho nok ikkje til å eta igjen før i 17-tida - og då er det gjerne med mykje styr og bråk. Blæh!

 

Eg må vel berre sjå fram til kvelden og leggetid, for då kosar ho seg veldig på puppen.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...