Nummer1 Skrevet 26. oktober 2009 #1 Skrevet 26. oktober 2009 Vesle frøkna mi er så heldig å ha fire stolte besteforeldre, men det blir rett og slett for mykje styr for mor og barn. Kva kan eg som mor gjera for å setja grenser, utan å såra? Eg har nok større toleranse for mine eigne foreldre på dette punktet - og det er jo også lettare å seia frå til dei. Men mine foreldre er flinkare til å vera rolig rundt babyen tykkjer eg, og det er jo godt at dei avlastar litt. Svigerforeldra mine derimot er så "styrete". Jenta mi er 2,5 mnd, og dei driv og ristar leikene heilt oppi fjeset hennar for å få reaksjon - og når ho grin tek svigerfar fram nøkkelknippet sitt og ristar det ved øyrene hennar. Eg trur seriøst det skal klikka for meg av og til! Forstår dei ikkje at babyar er følsome for inntrykk, og treng trygge rammer når dei skal utforska leiker og lydar?? Eg merkar jo at frøkna mi har vanskeleg for å roa ned på kvelden dei dagane ho har vore saman med farmor og farfar. Akkurat som det er så mykje uro i kroppen hennar, stakkar. Svigerforeldra mine pleier alltid å fortelja historiar om korleis mannen min ikkje sov dei første tre leveåra, og eg har alltid trudd det var fordi mannen min er ein veldig aktiv og energisk type. Men no byrjer eg forstå kva som eigentleg har føregått.... Eg veit at eg som mamma kjem til å måtta setja grenser for korleis dei "herjar" med barnebarnet sitt - men eg kvir meg for å gjera det! Dei meiner jo så godt, og for dei er det berre leik med barnet. Men eit så lite barn har jo ikkje behov for herjete leik, men ro og fred til å få studera verda og menneska rundt seg.
De tre gull Skrevet 26. oktober 2009 #2 Skrevet 26. oktober 2009 Helt ærlig så ser ikkje eg problemet. Dere er vel ikke sammen med besteforeldrene hver dag og ikke hele dagen. Et par timer her og ett par timer der går vel greit. Sett heller pris på at alle fire besteforeldrene syns det er stas med barnebarn og at de ønsker kontakt med det. Det er ikke alle barn som er så heldig å ha slike besteforeldre..
FruTB Skrevet 26. oktober 2009 #3 Skrevet 26. oktober 2009 Har det på samme måte så jeg skjønner deg godt. Jeg kvier meg egentlgi når det kommer til å rette på mennesker/fortelle hva som er rett&galt etc, men etter at Bo kom så har jeg heldigvis blitt litt tøffere Jeg begynte tidlig å si i fra til besteforeldrene på farssiden hvordan jeg ville ha det. De var (og er) også veldig voldsomme og gjør mye rart. FOr noen uker siden var farfar forkjøla som bare det, men presterte likevel å lage prompelyder med munnen så spytttet fossa rett foran ansiktet til Bo. Liknende eksempler kunne jeg ramset opp i bøttevis, men du skjønner nok hva jeg mener Jeg sier i fra rett ut, og er fint lite redd for å såre nåe det kommer til dette. "Jeg tror de lydene kan være litt høye for en så liten baby"; "jeg hadde satt pris på om du ikke hadde nærkontakt med Bo nå når du er syk", "jeg tror Bo har lyst til å være hos mamman sin nå", osv. Dette er jo å si det på en pen måte, men jeg tror likevel de blir litt satt når jeg forteller de hva jeg mener. Jeg synes hvertfall det er godt at de vet at det er grenser, og at det er vi/jeg som bestemmer. Jeg er selvfølgelig veldig takknemlig for at Bo har besteforeldre som setter pris på ham og vil være sammen med ham, men veldig ofte kan det bli veldig veldig mye - og vi har alle 4 i samme by og ser dem mange ganger i uka, så ja - jeg blir fort sliten og lei!
Nummer1 Skrevet 26. oktober 2009 Forfatter #4 Skrevet 26. oktober 2009 Takk for svar begge to - greit med ulike synspunkt! Og eg er sjølvsagt takksam for at jenta mi har engasjerte besteforeldre, men eg forstår ikkje kvifor dei ikkje berre kan vera "normale" rundt veslefrøkna mi. Ho tykkjer jo folk og andlet er det mest spennande som finst, og treng ikkje mykje bråk, risting, skrangling, blinking og kasting for å ha det kjekt saman med besteforeldra sine. Skulle ønskja dei heller kunne ha vore avlastande for meg, ved å ta bleieskift og bading og kos. Istaden stressar dei opp jentungen til ho blir sliten og HYLskrik - og då kjem dei springande med ho til meg, og så må eg ta over. Og då er ho gjerne så utrøysteleg at eg må roa ho heilt ned før ho klarar å ta puppen eller sova til dømes. Men eg kjem til å setja grenser, og heller forklara dei på ein fin måte kva ho likar av stimuli. Det er jo eg som kjenner jenta best, og ho likar ikkje nødvendigvis det same som pappaen hennar likte då han var baby. Eg kan jo foreslå at dei heller skal snakka og synga til ho - og kosa masse. Dei kjem jo til å få full respons, så dei kjem nok til å lika det også :-) Ho er jo berre eit lite menneskebarn, og krever ikkje stort for å vera glad og nøgd :-)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå