Nummer1 Skrevet 21. oktober 2009 #1 Skrevet 21. oktober 2009 Eg har ei lita frøken på 2,5 mnd, som søv godt og lenge om natta (takk og lov!). Problemet er på kvelden - for det å få ho i seng er eit herk. Ho er ganske enkel å legga på dagen, og seier greitt frå når ho er trøytt og vil sova då. Men på kvelden hyler ho som ein stukken gris berre eg nærmar meg soverommet og senga hennar. Det er utruleg slitsamt, og ingenting hjelper - verken byssing, synging eller pupp. Ho vil rett og slett ikkje legga seg, og girar seg sånn opp at ho blir lys vaken! I går tok det to timar før ho somna - med uendeleg med trøysting og pupping og synging. Eg er åleine om dette stort sett kvar kveld, og eg merkar nervene byrjer bli tynnslitte. Eg går jo heile dagen og kvir meg til leggetid... Kva gjer eg??? Eg brukar eliminasjonsmetoden kvar kveld - og ingenting er galt. Ho er tørr, varm og mett. Og BURDE seriøst vera trøytt. Men niks! I desperasjon har eg nettopp sendt mannen ut på trilletur med ho no - i håp om at ho somnar i vogna. Det er første kvelden eg har tydd til dette, og eg skjønnar jo at det ikkje er lurt. Men eg har berre fått nok akkurat no - og treng litt pusterom.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå