Gå til innhold

Hva er vanlig i deres barnehage ang.fruktmåltid på ettermiddagen?


Anbefalte innlegg

Skrevet

I bhg til guten vår et dei frukt kl 14.30. Viss det er fint vér et dei ute, ungane må då inn i garderoben og vaske hendene først. Dei voksne spritar seg ofte.

 

Det er foreldra som står for frukten, og alle ungane skal ha med 4 frukter i veka. Sikkert fordi ungane sjeldan et ein heil frukt kvar. Dei fleste på avdelinga til futen vår har og med seg yoghurt som dei et etter frukten. Viss nokon treng meir mat kan dei ha med seg matboks som får stå i kjøleskap. Både vi foreldre og personalet er fornøgde med at vi sjølv står for frukten, det blir meir variasjon då enn om personalet skal handle inn. Viss guten vår ikkje hadde klart å ete anna enn f.eks. banan hadde eg sendt med han banan med beskjed om at han skulle ha den for seg sjølv.

 

Problemstillingane dine ville eg heilt klart ha tatt opp med pedagogisk leiar på avdelinga. Det er neppe vanskelegare enn at du kan sende med jenta di eit beger fruktmos eller ein ekstra banan som ho kan få til frukten. Men det med handvask bør dei få skikk på!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...