Amanter<3 1+venter tvillinger Skrevet 13. september 2009 #1 Skrevet 13. september 2009 No begynner det å bli ei god stund sidan sist eg var her inne.. fram mot fødselen var eg her daglig, mange gonger om dagen, men dei siste snart tre vekene har eg liksom hatt andre ting å gjere.. For tre veker sidan imorga, 24. august, ei veke før termin, fødte eg ei frisk og velskapt og utrulig vakker lita jente, hurra!!! Eg har tenkt mange gonger at eg skulle ha lagt ut fødselshistoria mi her, sidan eg likte så godt å lese om andre sine fødslar då eg gjekk i 3. trimester. Men det tek så lang tid å skrive, og når eg først har satt meg ned, så er det amming eller bleieskift eller trøst eller noko anna på gong, så har ikkje heilt rukke det. Og no kjenner eg at heile fødselen har komt litt på avstand, og har blitt heilt overskygga av alt det nye med babyen og alt det der. Mulig eg skriv den her om ei stund, men i mellomtida vil eg berre seie: lykke til jenter, fødsel er tøft, men vi er laga for å klare det. Det er umulig å vite på førehand korleis det kjem til å bli, men vi har det i oss, den krafta vi treng til å kome igjennom det. Dessutan er det hjelp og støtte å få av jordmor og dei andre som er tilgjengelige på sjukehuset, pluss partneren din. Så ein er aldri heilt aleine. Eg kan fortelle om ei lita episode frå då det begynte å bli tøft, og lystgassen hadde begynt å virke. Eg sto på kne i senga, oppreist og naken og ulte meg igjennom riene. (lystgassmaska var super til lyddempar, så eg kunne ule høgt og lenge inn i den då det sto på som verst). Mellom to rier ser eg min kjære djupt inn i augene og seier (kvifor eg begynte å snakke svensk, anar eg ikkje..): "JAG ER SUPERKVINNAN! IDAG SKAL JAG FÖDA DIG ETT BARN!!" Lykke til, jenter!
FlightlessBird Skrevet 13. september 2009 #2 Skrevet 13. september 2009 Hehehe ) Bra sagt! Og gratulerer med jenta!
tjorven- nr 3 Skrevet 13. september 2009 #3 Skrevet 13. september 2009 Gratulere så mye superkvinnan ; )
Gjest Skrevet 13. september 2009 #4 Skrevet 13. september 2009 :=).Gratulerer så masse med jenta:)Og lykke til videre:)
Amanter<3 1+venter tvillinger Skrevet 16. september 2009 Forfatter #5 Skrevet 16. september 2009 Takk, kjære med-superkvinner!!
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå