Gå til innhold

Guten vår på 4 snakkar ikkje - han KVINER!


Anbefalte innlegg

Skrevet

Korleis i alle dagar kan eg få han til å bryte uvanen med å ha KONSTANT "sutrestemme" når han snakkar? I leik med andre barn snakkar han som regel normalt og er godt likt/leikar kjempebra med så å seie alle. Men når han snakkar med meg, pappaen, tante, besteforeldre (alle voksne som han kjenner godt) blir det kvining. Omtrent heile tida, det er verst med oss foreldre.

 

Vi har prøvd å oversjå kvininga, vi har prøvd å sei til han at vi ikkje forstår sutrelyd og at han kan snakke til oss når han er ferdig å sutre, vi har prøvd belønningssystem der han fekk belønning i form av positiv oppmerksomhet/ros, små "premiar" (å få sitte på skuldrene opp frå busstoppet, få sjå ein film mens eg laga middag, spele spel saman med ein av oss voksne, lese ei ekstra bok om kvelden, osv) når han snakka fint ei stund, og alt har fungert til ein viss grad. Men no har det gått over alle støvleskaft og eg blir så frustrert at eg knapt veit kor eg skal gjere av meg når han begynner. Og han begynner med det same han våknar.

 

Det er sutring og "vil ikke!" når han står opp, når han kler på seg, når han et frukost, når vi skal gå til barnehagen (det er det samme enten det er open bhg eller "vanleg", når vi skal heim/hentar han, når vi kjem inn og skal vaske hendene, når han ikkje får lov til å slå på fjernsynet, når han må kome og ete middag (måltidet er eit kapittel for seg), når eg må rydde opp etter maten og ikkje kan gjer akkurat det han vil der og då, når eg er med i leiken, når det er kveldsmat, når barne-tv (eller annan film) er ferdig og han må slå av fjernsynet, når han skal stellast for kvelden og når han blir lagt.

 

No har eg kome til det punktet at eg ikkje orkar å høyre på sutringa hans lenger, og dermed kjeftar eg når han sutrar og det kan bli ofte og mykje i løpet av ein dag. Og det blir heilt sikkert berre enno meir sutring av det. Har NULL energi til overs for å ta fatt på sutringa (som har vore meir eller mindre konstant frå han vart fødd - med ein lang og høg topp mellom 2 1/2 og 3 år der han ikkje sutra men hylte) igjen, det skjærer i øyrene kvar gong han snakkar til meg, med denne evinnelige sutrestemmen.

 

Det som er aller verst er at han er jo egentlig ein så vanvittig herlig liten gut, som er snill og god mot alle, flink til å snakke for seg og flink til å diskutere og kome til einighet med folk, så eg skjønar berre ikkje behovet hans for å sutre heile tida, han KAN jo snakke - og det bedre enn dei fleste andre på hans alder om eg skal tru "ekspertisen". Han burde klare å ordlegge seg utan å ty til slike verkemiddel!

 

Huff, dette blei langt, men eg håpar berre så inderleg nokon har nokre gode (ikkje alt for energikrevande) råd til meg før eg går heilt i kjellaren her...

Videoannonse
Annonse
Skrevet

ondt å høyra, Ranveig!

 

Om du tykkjer svaret mitt er godt eller lite energikrevjande, veit eg ikkje, det må du mest finna ut av sjølv. (Og det at du skriv "langt" skal du ikkje tenkja på for MEG, svaret du får frå meg vert sikkert lengre, skal du greia ut om noko blir det fort meir enn nokre linjer, det gjeld oss båe!

 

Eg ottast for at det at han KAN snakka skikkeleg, men VEL å "sutra", er av di han prøver å skaffa seg merksemd. Han meiner kan henda at systera får vel mykje av henne, sammenlikna med kva HAN får? Og sjølv negativ merksemd (som han no får, kjefting) kan vera bedre enn INGA merksemd. For hugs: Born er lærenæme! Og har han lært at dette er ein god måte å skaffa seg merksemd på er det vanskeleg å leggja han av. Og lærer han at det og kan vanka premiar ved DELS å snakka vanleg, dels å "sutra", veit han nok å utnytta det. I alle høve om han er ein nokonlunde gløgg gut!

 

Altså: Du bør fyrst gå i "tenkjeboksen" og avklara om guten MED RETTE kan klaga seg for å få for lite merksemd, eller om han er overforkusert på kor viktig han er i verda. I fyrste tilfelle må de syta for meir merksemd utan at han treng sutra, i siste (mest trulege...) tilfelle at han lærer seg at sutring ikkje er ein lur måte å nytta for å skaffa seg merksemd på.

 

Så her er eg redd for at de eigentleg må køyra harde liner og syta for at han IKKJE får nokon merksemd når han "sutrar". Korkje positiv eller negativ, men INGEN merksemnd. Fyrst ved å verta overhøyrd og ikkje få svar. Om han då fortset, ved at han t d vert sent rett på rommet sitt for å vera der til han "har lært seg snakka" (altså skilt frå den/dei han prøver å skaffa seg merknsemd frå, så lenge HAN vil). Og etter X gonger i løpet av ein dag kor han vert sendt på rommet sitt er det "God natt"! Uansett kva klokka er. Endå meir skilt.....

 

Etter det er det "berre" å setja i gong. Syta for at at reglene vert fylgde. KVAR gong han sutrar (vik du det aller minste her, har du tapt!). Og at han VEIT reglane, heilt, heilt klårt FØR de startar "kuren". (Det kan vera lurt å seia til han at dette td gjeld "frå xxxdag morgen, eit par dagar fram, inntil då kan han sutra så mykje han orkar for å få all sutringa ut av hovudet, men DÅ skal det vera tomt, DÅ gjeld desse reglane, det gjev han tid til å førebu seg og få ut litt frustrasjon sjølv!) Gjerne kombinert med t ein premie om han får X dagar UTAN å verta sent på rommet for "sutring" (og gjerne ein "kjempepremie" om han klarer X månader utan avbrot og "sent på rommet", de må nok ut med denne premien før eller seinare....) Men UANSETT med ros (gjerne og litt ekstra merksemd om kvelden!) for kvar EINASTE dag han IKKJE vert sent på rommet. Og det er viktig at de, FØR de tek til med kuren (planlegg godt FØR de set igong, de får berre EITT høve til å starta rett) får alle andre vaksne han kjenner godt (gjerne barnehagen óg) "med på laget" og at dei gjer NETT likeeins.Sender han på gangen eller liknande MED EIN GONG han sutrar. Med beskjed om vera der inntil han lagt uvanen av seg og kan snakka vanleg att. Så kan han sjølv velga kor lenge. (Det treng jo ikkje bli mange sekunda, han kan jo snakka vanleg, spørsmålet er kva han sjølv VIL VELJA).

 

Då vil guten LÆRA noko ganske fort:

a) Reglene for "sutring" er like hjå alle vaksne som er viktige for meg.

B) Det vert ikkje godt for meg (gangen) når eg sutrar

c) Eg MISSER merksemd når eg sutrar, et VINN hennne ikkje

d) Snakkar eg vanlig, får eg MEIR merksemd

e) Eg MISSER ein premie når eg sutrar

f) Eg MISSER ros når eg sutrar

g) Konklusjon: Det er ikke LURT av meg å sutra, det gjev meg ikkje det eg ynskjer! Berre det eg ikkje ynskjer!

 

Og når DEN konklusjonene sit fast i hovudet sjå guten, gjennom det han har LÆRT (og når han har funne ut at det IKKJE er nokon "lettare veg til målet"!!) kjem endringa brått!

 

Det kan verta nokre KNALLharde veker og kanskje ein del "tidlige kveldar" i starten. For guten vil nok gjera ein del sprell for å få dykk på andre tankar!! Alt frå spark og slag til dådyrauge. Han må jo "testa ut" om ALLE verktya han veit om kan vera nyttige for å få dykk til å gjera annleis og slik HAN vil. (Så difor mitt råd: Ikkje KJEFT. Helst ikkje irettesetjing for framferda ein gong, så lenge det ikkje er FÅRE på ferde, alt gjev nemleg merksemd! Berre HANDHEVING). Men om de IKKJE VIK trur eg ikkje det vil gå så svært mange veker før lærdomen sit og konklusjonen er komen. Vik de derimot det ALLER minste har guten fort lært noko: "Eg KAN endra på dette sjølv ved å gjera slik og slik"! Og då prøver han sjølvsagt på ny....

 

Så, når betringa kjem (ho kjem nok BRÅTT når lærdomene har sige inn og han han har funne ut at han ikkje har meir verkty å testa ut for å få dykk på "andre tankar") rosar de MYKJE for det og gjev mykje merksemd (då lærer han ENDRA åtferd er fornuftig åtferd, at han får MEIR merksemd ved ikkje å sutra!). OG SÅ FORTSETT DE NETT SOM FØR!!! For då vil nok guten prøva seg att, nærast prøva om det finst ein lettare veg, no som han har vist at han kunne EIN gong (siste våpnet...) Men det er viktig at han då FYRSTE gongen han prøver aldri så lite og varsamt merker at reglane er NETT dei same som før!! Då slepp du at han prøver på nytt....

 

Og REGLANE, dei skal vera der heile tida, dei må ALDRI opphevast. Eg vil tru at etter nokre månader er han heilt kurert. Men SKULLE han falla attende, må han merka MED EIN gong at reglane ikkje er endra det aller minste.

 

Lukke til, Ranveig. Ver førebudd på ei HARD tid. Men ikkje så lenge, trur eg.

Skrevet

Kjenner meg igjen i den der, min sønn var slik da han var rundt 3 år. Konstant i sutremodus.

 

Jeg valgte å angripe det med to metoder.

1. Jeg snakket med han om hvordan vi snakker med hverandre. Jeg forklarte han klart og tydelig at jeg ville mye heller høre på han/snakke med han når han snakket skikkelig til meg, fordi da forstår jeg bedre hva han sier og fordi det er slik store gutter snakker. Jeg forklarte han at ingen store gutter sutrer, og siden han da var blitt stor gutt uten smokk og bleie og sov i stor-gutt seng så var det på tide å slutte med sutringen og.

2. Jeg gikk gjennom et lite rollespill med han, han fikk leke voksen og jeg skulle leke barn. Han bestemte alt jeg skulle gjøre en liten time og jeg sutret max.....han ble SÅ sinna på meg :P Han regelrett freste til slutt fordi jeg ikke gjorde som han sa uten å sutre.

Etterpå snakket jeg med han og sa til han at slik var det for meg hver gang jeg snakket til han.

Da skjønte han hvorfor jeg ikke ville at han skulle sutre så masse.

Hver gang han sutret etter det trengte jeg faktisk bare å minne han på den gangen vi lekte voksen og barn sammen, eller bare gi han et ørlite blikk og han forsto hva jeg mente.

Denne metoden hentet jeg faktisk fra barnehagen, de hadde brukt den til å vise barna hvordan det var i situasjonen "påkledning når vi skal ut".

 

Det tok ikke lange tiden før sutringen var et ikke-problem lengre.

 

Jeg har aldri vært tilhenger av å overhøre av barn, fordi de fremdeles har ting og si, mene og tenke uavhengig av om vi liker måten de fremfører det på. Vi skal guide de til rett måte, men ikke i form av slike handlinger etter min mening (og jeg vet ORG at du og jeg aldri blir enig der ;) .....)

Samtale er for min del den beste metoden, sammen med tolmodighet. Jeg tåler heller at ting tar noe lengre tid og barnet får nøye forklart gjerne flere ganger om det trengs, hvorfor det ikke skal eller skal gjøre så og så. Det krever litt, men er verdt det i det lange løp etter min mening.

 

Jeg er enig med deg, han bør klare å ordlegge seg nå uten å ty til sutring og med litt mer tolmodighet (jeg vet det er vanskelig å hente fram mer når du er sliten....) så vil du nå målet ditt :)

 

Lykke til :)

Skrevet

Takk for svar begge to.

 

Går nok ikkje så drastisk til verks som du beskriver ORG, men dette med å vere konsekvent er jo heilt klart poenget i dette her.

 

Har tatt tak i meg sjølv, og både i går og i dag har eg, ved første teikn til sutrestemme, sagt at vi kan snakke saman når han er ferdig med å sutre. Første halvdelen av gårsdagen blei det litt kvining, men utover dagen gjekk det bedre.

 

I dag har det vore enno bedre. Han begynner framleis ofte i sutretoneleie, men når eg minner han på det legg han om umiddelbart. Han fekk mykje oppmerksomhet rundt legging i går og då han spurte kjempefint (heilt utan nokon antydning til sutring først) om han kunne ha døra open så han kunne høyre meg og pappaen sa eg at det fekk han lov til, sidan han spurte så fint.

 

Under vegs i dag har eg rost han veldig kvar gong han har spurt om noko utan å sutre, og sagt at det er så kjekt å snakke med han når han snakkar ordentleg.

 

Så det ser ut som at vi er på rett veg, og at han kanskje berre treng ei oppfrisking av regelverket, vi har jo vore gjennom dette før. I dag har eg berre kjefta på han ein gong, og det var pga noko heilt urelatert til dette, så det er ein kjempeseier for oss begge.

 

Tusen takk for at dåke gav meg eit lite spark bak for å ta tak i situasjonen!

Skrevet

KJEMPEFLOTT :D

 

All ros til dere alle og ikke minst gutten din som blir flinkere :) Godt og høre dere er flinke og rose han for de gode tingene :) Tror nok ikke det tar så lang tid før den sutringen er historie :)

 

lykke til videre og hold oss gjerne oppdatert om hvorden det går framover :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...