Ranveig R Skrevet 1. august 2009 #1 Skrevet 1. august 2009 Eldste på snart 4 har alltid våkna tidleg om morgonen. Han har aldri sove spesielt mykje, har pleid å sove ca frå 20 til 06.30, men i det siste har han snudd rundt litt, vi må ofte vekke han mellom 7.30 og 8, og han sovnar ikkje før borti 22 om kvelden. Han legg seg uansett rundt kl 20, men han kjem opp igjen mange gongar og er veldig oppmerksomhetssjuk. Vil det hjelpe å vekke han til den tida han pleide å våkne før? Når vi må vekke han blir han som regel ganske sur om formiddagen, sikkert fordi han ikkje har sove nok. Han sovnar likevel ikkje tidlegare om kvelden. Men kanskje han gjer det dersom vi konsekvent vekkar han f.eks. kl 7 kvar dag?
Anonym bruker Skrevet 1. august 2009 #2 Skrevet 1. august 2009 Trur ikkje dette er beste medisinen, men det er absolutt ein mogeleg medisin. Han er "berre" litt farleg. For det er når ein har sove NOK at ein vaknar av seg sjølv. Den som må vekkjast har ikkje fått nok svevn. Då kan du oppleva at han røyner å skaffa seg nok svevn i løpet av dagen, så snart det vert eit høve (VEIT du at han ikkje får mulighet til å "lure han av litt i 5 min i løpet av dagen?). Og så ein gut som vert endå litt verre å få til sengs..... Eg vil tru at det er betre å løysa problemet ved at du syt for at han er verkeleg TRØYTT når han legg seg. Så hald han i HØG aktivitet frå ikring kl 1700 til kl 1900. Når han då legg seg kl 2000 vil han sannsynlegvis vera så trøytt at han ikkje "orkar" å søkje merksemd, men vert overmanna av trøytthet ganske snøgt. Serleg om rommet er godt lufta og litt kjøleg.... Og om du "juksar" litt med kveldsmaten, vil du sikkert lukkast endå bedre. Eit godt gamalt tips her er: Brødskive med varm torskefilet(!) dyppa i egg og heilt finknust kavring, steikt ca 2 minuttar på kvar side. Saman med lunka mjølk. Kan slå ut eit litt trøytt barn på få minuttar. Ein vaksen med for den del. Fersk torsk inneheld nemleg eit stoff som sterkt aukar kjensla av ein er trøytt, om ei slik kjensle ligg latent. Og lunka drykk, serleg lunka mjølk styrkjer verknaden endå meir..... Altså: Høg aktivitet på sein ettermiddag, litt kos FØR kveldsmaten, litt sein kveldsmat, kveldsmat slik eg antyda, og så rett til køys i eit kjøleg og godt utlufta rom. Med så dempa lys som mogeleg. Skal vera sterk gut om han klarer å motstå svevnen då!
moota m storebror&lillebror Skrevet 1. august 2009 #3 Skrevet 1. august 2009 Jeg hadde nok kanskje vekket mitt barn litt tidligere om det hadde de søvnvanene. For jeg orker ikke barn oppe til kl.22!! Eller løpende i dørene til kl.22. Men rådet til anonym her er nok kanskje bedre i lengden.
Ranveig R Skrevet 2. august 2009 Forfatter #4 Skrevet 2. august 2009 Anonym: Ja, eg VEIT at han ikkje søv om dagen. Han går ikkje i bhg enno og eg er med han dei fleste dagar. Framgangsmåten din høyrest bra ut, men blir vanskeleg for meg å gjennomføre. Har ein mann som jobbar mykje seint (dvs han er heime kl 19-20 fleire dagar i veka), og guten har ei lillesøster som skal stellast, roast ned og leggast på den tida du foreslår eg skal halde storebror i aktivitet. Kveldsmaten høyrest interessant ut, det er jo verd eit forsøk (sjølv om eg tvilar på at guten kjem til å gjere meir enn å smake). Lunka drikke er greitt, huskar eg fekk varm melk med honning dersom eg ikkje fekk sove. Vil kakao og fungere, tru? Rommet er lufta og kjøleg, vi les ei bok, tar av brillene, slår av lyset, legg oss ned og eg syng ein song før eg går ut. Han slår ikkje lyset på eller tar på seg brillene igjen. Takk for tips i alle fall, eg kan heilt klart prøve å gjere noko meir ut av kveldsmaten i det minste.
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå