Gå til innhold

Er det noen fra Sund i Hordaland her?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Kort fortalt vurderer jeg og mannen min å flytte til Sund uten at vi kjenner kommunen så godt. Er det noen her som har bodd eller bor der som kan fortelle litt om hvordan de opplever denne kommunen? Er det en bra kommune for barn å vokse opp i? Vi er ikke fornøyd med skolen hvor vi bor, det er ganske små forhold men likevel mye bråk og uro. Er det OK fritidstilbud i kommunen? (..ikke bare idrett..) Er det tilbud til barn i menigheten(e)? Fortell litt om hvordan dere tenker om kommunen, dere som har tilknytning. Kan dere anbefale en oppvekst i Sund? Så klart det blir subjektivt, men jeg er ute etter oppriktige meninger...

 

På forhånd takk!

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Close but no cigar... Er frå og bur i nabokommunen, men har to søsken som bur i Sund.

 

Utan å kunne seie det med sikkerhet (sidan broren min berre har ein 1-åring så denslags ikkje er aktuelt på lenge enno) trur eg det er noko labert med fritidsaktivitetar, med unntak av fotball. Eller for litt store ungar har ein jo sjølvsagt kulturskulen som har både kunst-, drama- og musikkundervising.

 

Vi hadde budd i Sund om vi hadde fått byggeløyve på tomten vi såg på, så eg hadde ikkje hatt noko imot å la ungane vokse opp der.

 

Det er ikkje STORE forhold i Sund heller, men det er jo ganske kort veg til f.eks. Straume (i Fjell) med stort handlesenter og "alle fasiliteter".

 

Når det gjeld skulen så spørs det jo kor dåke skal flytte til, det er mange ulike barneskular i Sund. For eit par år sidan fekk dei til og med VGS, det er dog ei avdeling av Sotra VGS som har base i Fjell.

 

Det er to kyrkjer i Sund, Kausland kyrkje og Sund kyrkje. Kausland er ei lita kyrkje der det ikkje er så mykje aktivitet, Sund er ganske nybygd og flott, og då eg var i dåp der såg eg i alle fall "spor" etter barn. Men akkurat kva dei arrangerer eller ikkje arrangerer utanom gudsteneste veit eg ikkje. I Fjell er det i alle fall ten sing (med mindre dei har kutta ut i løpet av dei siste åra) og Krik. Går ut ifrå at folk frå Sund er velkomne og :o)

 

Det er ikkje open bhg i Sund, men det er vel gjerne ikkje aktuelt for dåke heller, når dåke er på BaM. Skulle det vere aktuelt er det fleire avd. open bhg i Fjell, den næraste er ca 7-8 min køyring frå kommunegrensa.

 

Eg er ganske imponert over kor lite informasjon eg klarte å få med i dette lange svaret... Tydelegvis veit eg ikkje så veldig mykje om kommunen eg har vore nabo med i 27 år.

 

Lykke til med ev. flytting, Sund er uomtvisteleg ein vakker del av landet!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...