Gå til innhold

Kan paracet'en virke etter berre 10 min?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Jenta vår ar sutra og skreke i absolutt heile ettermiddag så no når det nærma seg leggetid tenkte eg å gje ho ein paracet så legginga kunne bli litt greiare.

 

Ho sat på fanget mitt og skreik like etter paracet'en, men no ganske nøyaktig 10 min etter klatrar ho rundt i sofaen og ler :o)

 

Meiner paracet'en har pleid å virke etter ca 15 min, men berre 10? Jaja, ho skrik i alle fall ikkje lenger, og det er vel det viktigaste akkurat her og no...

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

er hun syk da???? du har vel ikke bare gitt henne paracet for og roe henne ned??

Skrevet

En baby har jo ikke mulighet til å si ifra, så hvis en mor mener barnet har mye ubehag er det fullt lovlig å gi en paracet.

Vi gjorde det ved. feks tannutbrudd. De har jo andre smerter enn kun kroppslige ved feber de også. Det er jo smertestillende og ikke bare febernedsettende.

 

Normalt er vel virkningstiden innen 20 min, men ikke uvanlig at den virker så fort heller mener jeg. Det kan også være at de erindrer at denne tabletten har gjort de bedre tidligere, og at de slapper av når de skjønner at de får "hjelp".

 

God bedring til lilletuppa di.

Skrevet

Charlotte89:

 

Om ho er sjuk? Det er eit litt vanskeleg spørsmål å svare på, men eg kan prøve. Ho har ikkje feber. Dei siste 11 mnd (sidan ho begynte med fast føde) har ho vore til tider veldig grinete. For tre mnd sidan kutta vi ut melk i kosten og ho blei då betydeleg bedre. Likevel er ho ikkje bra. Ho har vore innlagt på barneklinikken og vi har vore til lege med ho utallige gongar. Det er tatt diverse blodprøver, utan at dei viser noko unormalt. Jenta er tynn, fordi ho ikkje la på seg meir enn 200g på 7 mnd. Vekta har gått litt oppover etter vi slutta med melk.

 

Ho har sove heile natta kanskje 2-3 gongar i sitt snart 21 mnd lange liv, vanlegvis er ho våken og skriker 2-3-4-5 gongar. Av og til sovnar ho igjen etter å ha fått vatn, andre gongar ligg ho og sutrar eller griner i 1/2 - 2t før ho sovnar igjen.

 

I det siste har ho sutra og skreke mykje. I og med at vi ikkje veit kvifor, må vi nesten prøve å finne det ut. Når legen ikkje kan hjelpe kan vi i det minste finne ut om ho har vondt nokon stad. For ei jente som ikkje snakkar meir enn nokre få ord er det vanskeleg å gje beskjed om at ho har vondt, anna enn å sutre eller skrike. Den lettaste måten for oss å finne ut av det på er å gje ho smertestillande for å sjå om ho då roar seg ned.

 

Vi har prøvd å gje ho paracet i alt fire gongar dei siste 3-4 vekene, når ho har skreke som verst, og alle gongane (inkludert i kveld) har ho slutta å skrike (sovna igjen om det var på nattestid) i løpet av 10-20 min.

 

Dette meiner eg er ein tydeleg indikasjon på at ho faktisk har smerter. NEI, eg er ikkje "ferdig" med lege/barneklinikk når det gjeld jenta vår, men det er utruleg mykje venting, og ein må pushe og pushe for at noko skal skje, og TING TAR TID.

 

Så for å svare på det andre spørsmålet ditt: Jo, eg har "bare gitt henne paracet for og roe henne ned", men det er fordi eg er temmelig sikker på at ho har smerter.

 

Du svarte ikkje på det eg spurte om, men kom med nedlatande kommentarar som om du veit alt, og eg ingenting. Du veit sikkert mykje om mykje, men du veit ikkje ein dritt om jenta vår, med unntak av det eg no har fortalt. Eg vil ha meg frabedt sånne tåpelige kommentarar som ikkje har noko med spørsmålet å gjere, det er slitsomt å måtte forsvare meg på denne måten.

 

Dette var kaaanskje eit litt unødvendig langt svar, men du hendelse kor godt det var å få det ut.

 

Eg skriver igjen ein av yndlingssetningane mine: "Ingen er bare det du ser!" Det kan ligge mykje komplisert bak enkle sprøsmål, og ein bør ikkje opptre som besserwisser utan å vite kva som ligg bak.

 

Twintipp: Takk for svar.

Skrevet

så lenge man ikke overdriver bruken av paracett ser jeg ikke noe farlig i det du gjorde.....spesielt siden det ga en såpass sterk virkning..når de er så små klarer de jo ikke å si hvor eller om de har vondt.

 

jeg har også gitt min datter en paracett før leggetid fordi jeg syntes hun var annerledes enn ellers....ikke feber men alikevel.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...