Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

...når bør eg eigentleg byrja uroa meg? Eg er i veke 23, og i går hadde eg ei treningsøkt som gjorde meg sliten. Har hatt veldig ubehag i magen og ryggen etterpå - og i natt hadde eg vonde kynnarar. I heile dag har eg vore uvel og utilpass, og no har eg mensensmerter og murringar. Kan det vera at livmora utvidar seg og eg kjenner ubehag pga det, eller kan eg ha satt i gang noko og bør kontakta lege? Vil jo ikkje virka heilt hysterisk heller.........

 

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

det kan også være kroppen din som sier i fra at sånn vil den ikke at du skal holde på.

jeg vil mest sannsynlig tro det er det det er, ta deg et passelig varmt bad, legg deg nedpå litt og prøv å finne god ro i hele kroppen. sørg for at magen og ryggen er varm, feks legg et ullteppe rundt når du sitter i sofaen el.

 

blir det litt bedre da?

 

Du trenger stort sett ikke uroe deg med mindre kynnerne dine går over til å være regelmessige og veldig vonde.

men kroppen din sier nok i fra at den ikke tåler at du trener så hardt fremover.

 

(når jeg ser hvor langt du er på vei, så er dette også midt i den perioden der du og baby vokser mest. så vær forberedt på mensmurringer og litt stikninger ol fremover, altså)

 

 

Skrevet

Takk for svar, Vintersol og Ostepopen! Sannsynlegvis skjer det mykje inni magen for tida - den blir jo større frå dag til dag! Så NOKO må eg vel kjenna. Men eg uroar meg litt likevel...tenk om eg går i for tidleg fødsel?? Eg har ein jobb som er veldig stressande, og har brukt heile påskeferien på å henta meg inn etter ein ekstremt travel periode på jobb (utan å kjenna meg utkvilt)...så det kan vera kroppen som gjev beskjed om at nok er nok!

 

Eg har heldigvis time til kontroll hjå jordmor i morgon, så då skal eg ta det opp med ho. Men får eg vondt igjen i natt, så blir eg skikkeleg redd! Huff, eg vil jo så gjerne at alt skal vera bra...det vil me jo alle som er her inne...

 

Eg var til legen rett før påske fordi eg blir svimmel og nesten svimar av. Eg trudde det var blodtrykket, men det var det ikkje. Legen meinte eg rett og slett var utslitt. Og det kan jo ikkje vera bra! Så eg må vel berre setja meg sjølv og bebisen først ei stund, og sjå om det hjelper. Ingen som kjem til å takka meg for å gå heilt i kjellaren, og legen min seier ho kjem til å sjukmelda meg 100% viss eg ikkje klarar tilpassa arbeidet mitt betre til svangerskapet. Eg ville først ikkje, men viss dette skal bli kvardagen framover, så har ho kanskje rett?

 

Vel, takk for fint svar. Eg skal roa meg ned med dette no - og så høyra med jordmor i morgon!

 

Ha ein fin kveld!

 

Og PS! Kor langt er du, Vintersol?

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...