Mrs Gloomy er fødeklar! Skrevet 27. februar 2009 #1 Skrevet 27. februar 2009 Har hatt eit bekymringslaust og forholdsvis lett svangerskap. Magen har vore ganske liten, og bekkenet samarbeidsvillig. Eg har smilande(og sikkert nokså fjollete) besvart alle spørsmål med : "jo, takk, det går veeeldig bra", og "neida, ingen plager" og "å, syns du verkeleg magen min er såååå liten? hehehe.."(spesielt her har nok det fjollete vore framtredande), og det har stort sett vore rosa skyer og glitter i hovudet mitt. Eg har rista litt overberande på dette rosa og glitrande hovudet når eg har lese såkalla "syteinnlegg" her inne, og lurt på kvifor alle må fokusere sånn på det negative ved graviditeten. Så bikka eg veke 36, og har sidan hatt ein kvardag som i aukande grad består av halsbrann, skranglete hofteparti og eit vanvittig trykk nedentil. Åreknutane sprett fram på dei mest utenkelege og upraktiske stader, kroppen har starta ei intens vannlagring, og blodtrykket har plutseleg gjort eit giganthopp. Og i går når eg leverte ungar i barnehagen, fekk eg på kort tid TRE uttalelsar i retning: "Dæven, no har du blitt stor"; Ein type bemerkningar eg tydelegvis ikkje har trening i å svare på, for eg vart ståande rimeleg stum alle tre gongane, og sat med stor klump i halsen og blinkande auge heile bilturen heim. I tillegg til ein kropp som har gått frå jippi til AU, har eg fått store NAV-problemer, og det gjer ikkje kvardagen mindre frustrerande. Faen ta NAV. Så i dag er det blitt eit faktum: No er eg lei! No har eg òg blitt lei. Bikkar veke 38 i morgon, og blir i utruuuuuleg dårleg humør når eg les i "svangerskapsboken" at eg bør vere forberedt på å kunne måtte gå i ein månad til. Eg vil bli ferdig med dette her, og vurderer å gå i hi til det er overstått. Samtidig må eg håpe på at ting ikkje skjer endå, for eg må få ordna dissa hersens NAV-greiene fyrst. Stønn. Så det var mitt fyrste klageinnlegg. Det kom seint, men eg skal love det er ektefølt. Fyttigrisen kor lei eg er. Lei, lei, lei. Og sur, sikkert.
a-fem Skrevet 28. februar 2009 #2 Skrevet 28. februar 2009 Hallo! Jeg skal ikke klage på NAV....Der har jeg fått veldig god hjelp. Men jeg sitter her i uke 32 (snart), og har hatt det skranglete fra puppa og ned en god stund. Og nå er jeg irritabel, sur - vet ikke om jeg er lei, men ganske ekkel å ha i hus. Jeg studerer, og der har jeg mista mot - og må hanke meg inn. Og opp til mer enn 5 ganger har jeg hørt at no er du sååååååååååå stor. Skal du ha snart? Nesten så man slår dem i hodet med noe hardt. Her om dagen fikk jeg angst da babyen min ikke rørte på seg, men etter å ha vært her inne, fått gode råd - slo jeg meg til ro med at det var greit. Og nå er alt greit. Der inne - i magen. Utenpå mitt hudlag ulmer det. Men jeg tror alt dette går i bølga. Bare ikke hør på de som kommenterer størrelse og annet du ikke vil høre! Lykke til.=)
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå