Gå til innhold

Dette diktet fikk meg til å gråte.Så fint


Anbefalte innlegg

Skrevet

TANKAR VED EI BARNESENG

 

 

Det er kveld, eg står ved senga til guten min.

 

Eg undrande ser, er du sovna alt, sovna

 

Før eg rakk inn å be kveldsbøn med deg –

 

Og seia godnatt?

 

Det er berre ei lita tid sidan du ropa:

 

"Kom inn til meg mor, det er noko eg vil seia deg".

 

 

 

Røysta mi var vel litt trøytt, litt hard

 

Då eg svara: "Ja, vent no litt,

 

- Eg lyt rydda etter deg først".

 

Der låg leker og bøker og klær overalt.

 

Eg rydda og kav, "sjå no er eg ferdig,

 

- No kjem eg til deg".

 

 

 

Då svara du ikkje, nei for du søv.

 

Eg vart så liten, så fattig så veik.

 

Her eg står ved du kvite seng,

 

Du trudde vel det no at mor deg sveik.

 

Kvifor gjekk eg ikkje med det same du ropa?

 

Eg kunne vel rydda etterpå då du var sovna.

 

No fekk eg ikkje veta kva det var du ville.

 

 

 

Var du sorgfull for noko, eller glad?

 

Skulle du fortelja om den vesle daude fuglen du fann på vegen,

 

eller kor katten gjekk hen

 

Då du let han ut i stad?

 

Skulle eg fortelje om engler, om himlen,

 

- Eller om stjerna som tindra so klårt?

 

Eg får kje veta det no, du søv.

 

 

 

Snart er du stor, vert vaksen, fer ut.

 

-Du treng ikkje ropa på mor.

 

Du er ikkje lengre min vesle gut, eg veit vel knapt

 

- Kvar du for, her eg sit aleine i stova.

 

Ho er fjelga og fin no.

 

- Der ligg ikkje leiker og sleng.

 

Då tenkjer eg vel: Kvifor masa eg slik?

 

Kvifor hadde eg så lita ei tid?

 

Kva gjorde vel rotet mot det å få kjenna

 

- To barnearmer om halsen min,

 

Og ein munn så varm imot øyra kviskra:

 

"Mor eg er guten din".

 

 

 

Eg luter meg ned. Då ser eg ein tåre som ligg

 

Her på kinn. Ho bivrar og skjelv før ho renn.

 

Eg stryk deg så fint over luggen din.

 

"Tilgjev meg, guten min".

 

Då våknar du brått og sler auga opp.

 

Du dreg meg så fast ned til deg.

 

Og munnen kviskrar mot kinnet mitt:

 

"Eg er så glad i deg mor, det var det

 

eg ville seia deg."

 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

å herregud nå gråter jeg også!! Kjente dette diktet langt inn i hjerterota! Takk for

Skrevet

ooops...gikk litt fort her ;) mente å si: Takk for at du delte dette fine diktet med oss:)

Skrevet

Så utrolig flott dikt.. Feller noen tårer her nå jeg også..

Det var så sant så sant det diktet..

Skrevet

Nydelig!! :-) til ettertanke...

Skrevet

åååå tårene triller. tusen tusen takk!

Skrevet

Tårene renner her også...Noe til ettertanke.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...