Novemberknøttprøverigjen Skrevet 3. desember 2008 #1 Skrevet 3. desember 2008 Endeleg kom han! Fødselen var heilt klart var ein positiv opplevelse! 90% av tida var langt mindre smertefull enn eg hadde forventa. Eg har vel ingen ingen forklaring på det anna enn at kanskje modningsakupunkturen har gjort susen?? Opningsfasa var faktisk var det heilt uproblematisk. Eg kom inn m to cm opning og fekk tildelt fødesove. Der sov eg litt mellom riene før eg låg meg i badekar eit par timar og faktisk kjeda meg litt og venta på at det skulle bli litt futt i sakene, for det kunne umogeleg vere så smertefritt å føde. Det var rett og slett menssmerter som kom kvart 4-5 minutt og varte i ca 50 min. Etter ei stund vart eg lei og gjekk ut av karet. Jordmor sjekka meg og eg hadde 7 cm opning. Eg kunne ikkje tru det!! Andre del, etter at jordmor tok vatnet, og dei to siste cm og utdrivinga som til saman tok ein drøy time, var i overkant av kva eg hadde sjanse å bu meg på, ganske sjokkerande faktisk, men eg fekk lystgass (som var heilt fantastisk!!) og hadde verdas beste fødselshjelparar i mannen min og ei kjempefin jordmor... Og kva betyr ein halvtime i skjærsilden når den lille, rosa, vakre kroppen kom ut av kroppen min? Det er så ubegripeleg stort at eg har ingen ord til å beskrive det. Eg undrar meg framleis over korleis i alle dagar han har fått plass i magen min og korleis i alle dagar han har kome ut derifrå ... og at han skal vere her med oss.... Eg revna litt, men det holdt med nokre få sting. Det var eg litt redd for, men det har ikkje vore noko å bekymre seg for. Eg var litt øm i starten, men heilt fin no. Og litt ømhet i undrlivet etter ein fødsel var heller ikkje noko overraskande. Eg er i god form og nyt kvart sekund med verdas vakraste gut. Takk for meg her inne. Det har vore mange gode tilbakemeldingar og diskusjonar å få og delta i. Lukke til med innspurten til dykk som ventar. Det ventar på det beste i verda! Ynskjer dykk alle ein fødsel som min!
M79+♂08♥+♂12♥ Skrevet 3. desember 2008 #2 Skrevet 3. desember 2008 Gratulerer så masse:-) Hørtes herlig ut! Hvor stor var gutten din?
November nurk, i Desember Skrevet 3. desember 2008 #3 Skrevet 3. desember 2008 Gratulerer!!! Kose dere masse i tiden som kommer
Mjølkekua Skrevet 3. desember 2008 #4 Skrevet 3. desember 2008 Gratulerer med den lille! Så godt å høre at alt gikk så fint og relativt smertefritt! Krysser fingrene for at jeg får oppleve det samme :-) Ønsker dere alt det beste - nyt tiden :-) Og.. send litt fødestøv over til meg og andre som er klare for å få ut det lille mirakelet!
Itsrejk Skrevet 3. desember 2008 #5 Skrevet 3. desember 2008 Høres ut som en drømmefødsel! Gratulerer med gutten!
Novemberknøttprøverigjen Skrevet 6. desember 2008 Forfatter #6 Skrevet 6. desember 2008 Takk:-) Ja, eg kan nestan ikkje tru at eg kan definere min fødsel som ein drømmefødsel. Så heldig kan ein vere!!! Guten var 3890g. Ein liten plugg med hodeomkrets på 36 cm. Ikkje liten altså, men likevel ikkje for stor for å få ein god fødsel. Eg var jo også litt nervøs for størrelsen på førehand pga "tradisjon" for store barn i familien, men dette kjem eg ikkje til å bekymre meg for seinare i alle fall. I grunn er det mykje eg har bekymra meg for på førehand som var heilt unødvendig. Men det er vel sånn det er å vere gravid, trur eg. Eg er i alle fall ikkje redd for å få nr to, og det er deilig! Fødsetøvet sendast!!!!!! I haugar og lass!!! Trur ikkje det kan finnast noko betre i livet enn å vakne av babylydar frå vogga...
Lyst på nr3♥ Skrevet 6. desember 2008 #7 Skrevet 6. desember 2008 Gratulere masse!!! OG kos dere masse framover nå!!! ))))
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå